YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 1

1
Sakarias, som var profet i den tidi Darius Hystaspis var konge i Persia, manar jødane til å venda um, so dei ikkje skal verta straffa som federne deira, 1-6. I ei syn ser han ein ridar (Herrens engel) standa still millom myrtetrei i dalbotnen (Israels-lyden) og høyrer ein engel forkynna at templet og Jerusalem skal byggjast upp att, og Judabyane verta rikt velsigna, 7-17.
1I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:#Hag 1,1; Esra 5,1 2Ofseleg harm var Herren på federne dykkar. 3Seg difor no til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Vend um til meg, segjer Herren, allhers Gud, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud.#Mal 3,7; Jak 4,8 4Ver ikkje like federne dykkar, som dei fyrre profetane varsla med sovorne ord: So segjer Herren, allhers Gud: Vend då um frå dei vonde vegane dykkar og dei vonde gjerningane dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.#Jes 31,6; Jer 3,12; 25,3-11; Hos 14,2; Joel 2,12 5Federne dykkar, kvar er dei? Og profetane, kann dei leva til æveleg tid? 6Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud profetane, tenarane mine, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sa: Som Herren, allhers Gud, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss? 7Den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so: 8Ei syn hadde eg um natti: Eg såg ein mann som reid på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, blakke og kvite hestar. 9Då spurde eg: Kva er dette, herre? Og engelen som tala med meg, svara: Eg skal syna deg kva dette er.#Sak 2,2 10Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sa: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi. 11Og dei svara Herrens engel, som stod millom myrtetrei: Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro. 12Då tok Herrens engel til ords og sa: Herre, allhers Gud! Kor lenge skal det drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?#Sal 102,14; Jer 25,11; 29,10; Sak 7,5 13Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord. 14Og engelen som tala med meg, sa til meg: Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,#Sak 8,2; Jer 31,20 15og ovleg vreid er eg på dei sjølvtrygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid, men dei auka ulukka.#Jes 10,5-19; 47,6 16Difor segjer Herren so: Eg vender meg atter til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers Gud, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.#Sak 8,3.15; Jes 54,7-8; Sak 2,5-9 17Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal byane mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.#Sak 2,16

Currently Selected:

Sakarja 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in