Sakarja 9
9
Profeten forkynner at Herrens straffedom skal koma yver Israels fiendar og serleg råma Damaskus og Hamat, Tyrus og Sidon og like eins filistarane, men at det like vel skal verta att ein leivning av desse folki, som skal venda seg burt frå avgudsdyrkingi og verta uppteken i Israel, 1-7. Israel derimot skal i denne trengsletidi verta verna av Herren, 8, og sidan skal Messias koma til det i ring og audmjuk skapnad og skipa eit fredsrike, der heidningane og skal hava rom, 9-10. Dei av Guds folk som endå lever som fangar, skal friast ut, og Israel skal med Herrens hjelp sigra yver grekarane og verta velsigna med herlegdom og lukka, 11-17.
1Denne framsegni er Herrens ord mot Hadraks land; i Damaskus og skal det slå seg ned - for Herren hev auga med manneætti og med alle Israels ætter -#Sal 14,2; 33,13-14; Jer 32,19; 2,3; Jes 5,5; Sak 3,9; 4,10#9,1 land truleg eit lite rike i Syria. Salm. 14,2; 33,13fg. Jer. 32,19; 2,3. Esr. 5,5. Sak. 3,9; 4,10. 2like eins i Hamat, som ligg attved, og i Tyrus og Sidon med, for di dei er so kloke der.#4 Mos 34,8; Am 6,2; Jes 23,1-14; Esek 26,1-14; 28,3-10 3Tyrus bygde seg ei borg, dunga i hop sylv som mold og fint gull som gateskarn. 4Sjå, Herren skal lata framande taka henne, kasta ringmuren hennar i havet, og ho sjølv skal verta til føda for elden. 5Askalon ser det og ottast, og Gasa, som vrid seg i stor redsla, like eins Ekron, av di hennar von hev vorte til skammar; Gasa skal missa kongen sin, og Askalon skal verta folketom.#Jer 47,1-7#9,5 von d. e. Tyrus. 6Asdod skal hysa berre framandt herk, og eg vil rydja ut byrgskapen åt filistarane, 7eg vil taka offerblodet ut or munnen deira og det avstyggelege offerkjøtet burt frå tennene deira; og då skal det av dei og verta att ein leivning for vår Gud, og dei skal vera liksom ættehovdingar i Juda, og Ekron skal vera som ein jebusit.#Sal 16,4; 2 Sam 24,18-25; 1 Krøn 21,18-27#9,7 offerblodet Salm. 16,4.#9,7 jebusit d. e. dei skal koma med millom Guds folk, liksom David let jebusitane koma med; 2 Sam. 24,18fg. 8Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver dei; for no ser eg med eigne augo korleis det er.#Sak 2,9; 3,9; 4,10; 2 Mos 2,25; 3,7 9Gled deg storleg, du Sions dotter! Ropa av frygd, du Jerusalems dotter! Sjå, kongen din kjem til deg; rettferdig er han og full av frelsa, fatig kjem han ridande på eit asen, på ein ung asenfole.#Matt 21,5; Joh 12,15; Hebr 5,7.9#9,9 frelsa Hebr. 5,7.9. 10Eg vil rydja burt stridsvognene i Efra'im og hestane i Jerusalem, og alle stridsbogar skal rydjast burt; han skal tala fred til heidningane, og hans herrevelde skal nå frå hav til hav og frå elvi til verdsens endar.#Jes 2,4; Mi 4,3; Sal 72,3.7-8 11For ditt paktblod skuld vil eg og fria dine fangar ut or brunnen der det ikkje finst vatn.#2 Mos 24,8; 1 Mos 37,24; Jer 38,6 12Vend attende til den faste borgi, de fangar som hev von! Ogso i dag gjer eg kunnigt: Eg skal gjeva dykk tvifelt att.#Jes 40,2; 61,7 13For eg spenner Juda som ein boge og legg Efra'im på bogen, og dine søner, Sion, eggjar eg mot dine søner, Javan, og eg gjer deg lik med sverdet åt ei kjempa.#9,13 Javan d. e. Grekarland. 14Ja, Herren skal syna seg yver dei, og pili hans fer ut som ein elding; Herren, Israels Gud, skal blåsa i luren og fara fram i sunnanstormane. 15Herren, allhers Gud, skal verna dei, og dei skal gløypa fiendane sine og trakka på dei som på slyngjesteinar; dei skal drikka blodet deira og ståka som av vin og verta fulle av blodet som offerskåli, som altarhyrno.#Sak 9,16; 2 Mos 29,12#9,15 slyngjesteinar Fienden vert likna med ringe steinar, motsett krunesteinane; v. 16.#9,15 altarhyrno 2 Mos. 29,12. 16Ja, Herren deira Gud skal frelsa dei på den dagen, han skal frelsa sitt folk som ei hjord; for dei er som glimesteinar i ei kruna og strålar yver landet hans.#Jes 35,4; 2 Sam 12,30#9,16 hans 2 Sam. 12,30. 17Å, kor gildt og kor fagert det er! Kornet gjev ungguten merg i bein, og druvesafti fostrar upp fagre møyar.#Jes 27,6
Currently Selected:
Sakarja 9: NO1938N
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2