YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 10

10
Til Herren skal folket venda seg med bøn um signing; einast han, ikkje avgudane, kann gjeva henne, 1-2. Herren skal straffa dei framande styrarane i Juda og i staden for dei lata det få eigne styrarar og gjeva det siger yver fiendane sine, 3-5. Mot Josefs hus (dei ti ættene) og skal han vera nådig. Han skal samla det, føra det attende med mektig arm og gjera det sterkt, 6-12.
1Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet! Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, so kvar mann fær grøda på si mark.#Jer 5,24; Joel 2,23; Jer 10,13; Sal 135,7; Job 37,6 2For husgudane tala usant, og spåmennene såg falske syner. Tome draumar kom dei med, og trøysti dei gav, var inkje verd. Difor laut folket reika ikring som ein saueflokk og lida vondt, av di der ikkje var nokon hyrding.#Matt 9,36; 1 Mos 31,19#10,2 husgudane 1 Mos. 31,19. Matt. 9,36. 3Mot hyrdingane er harmen min kveikt, og bukkane vil eg heimsøkja; for Herren, allhers Gud, ser til si hjord, Judas hus, og gjer henne til stashesten sin i striden.#10,3 bukkane d. e. dei framande herrane yver folket. 4Frå det skal hyrnesteinane koma, frå det naglane, frå det stridsbogane - frå det skal kvar einaste styresmann koma.#Jer 30,21; Jes 22,23.25#10,4 det frå Judas hus.#10,4 naglane Es. 22,23.25. 5Og dei skal vera lik kjempor som trakkar fiendane sine ned i striden nett som gateskarn; ja, strida skal dei, for Herren er med dei, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.#Mi 7,10 6Eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører dei atter heim; for eg vil miskunna dei, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt dei burt. For eg er Herren deira Gud og skal bønhøyra dei. 7Efra'ims menner skal vera lik kjempor, og hjarto deira skal gleda seg liksom av vin; borni deira skal sjå det med fagnad, deira hjarto skal frygda seg i Herren.#Sal 104,15 8Eg vil blistra på dei og samla dei, for eg hev løyst dei ut; og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var. 9Eg vil så dei ut millom folki, men i landi langt burte skal dei minnast meg; og dei skal leva med borni sine og koma heim att.#3 Mos 26,41-46; 5 Mos 4,27-31; 30,1-10; Esek 37,1-10 10Eg vil føra dei heim att frå Egyptarland, og frå Assur skal eg samla dei; til Gileadlandet og til Libanon fører eg dei, og der skal det skorta på rom åt dei.#Jes 49,19-23 11Han skal draga fram gjenom havet, igjenom fårar, og slå ned bylgjone i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptarland.#2 Mos 14,21-31; Jes 11,15-16 12Men dei skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.#Mi 4,5

Currently Selected:

Sakarja 10: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Sakarja 10