YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 2

2
Profeten skodar i ei syn fire horn og fire smedar som skal hogga horni av - eit bilete på at dei heimsriki som hatar Guds folk, skal missa si makt, 1-4. I ei onnor syn ser han ein mann som er på veg til Jerusalem og skal mæla kor stort det skal verta - eit bilete på at Jerusalem skal vera folkerikt og vera verna av Herren, 5-9. Dei jødane som hev vorte att i Babel, vert uppmoda til å røma snøgt derifrå; for no vil Herren heimsøkja Babel og gjeva lika for det som det hev gjort mot folket hans, 10-13. Herrens folk skal frygda seg, for Herren vil koma og bu hjå dei, og mange heidningar skal venda um til han - spådomar som peikar mot Messias og hev vorte uppfyllte i og med han, 14-17.
1So lyfte eg augo mine og fekk sjå fire horn. 2Då spurde eg engelen som tala med meg: Kva er dette? Og han sa til meg: Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.#Sak 1,9 3So let Herren meg sjå fire smedar, 4og eg spurde: Kva skal desse gjera? Han svara: Horni hev spreidt Juda, so at ingen torde lyfta hovudet; no er desse komne og skal skræma dei og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det. 5Og eg lyfte augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.#Sak 1,9 6Då spurde eg: Kvar skal du av? Han svara: Eg skal av og mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal vera.#Sak 1,16 7Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot han. 8Og han sa til han: Spring og seg til den unge mannen der: Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.#Jes 54,1-10 9Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.#Sak 9,8; Sal 46,6-8; Jes 26,1 10Høyr! Høyr! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren. 11Høyr! Sion, berga deg undan, du som bur hjå Babels dotter!#Jes 48,20 12For so segjer Herren, allhers Gud: For si æra skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans;#Sal 17,8; 105,15 13for sjå, eg lyfter handi mi mot dei, og dei skal verta til herfang for dei som no er trælane deira; og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg.#Sak 4,9; 6,15; Mal 2,4 14Ropa høgt av frygd og gleda, du Sions dotter! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren.#Sak 9,9; Jes 12,6; Sef 3,14-20 15Og mange heidningfolk skal gjeva seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til deg.#1 Mos 49,10; Jes 11,10; 14,1 16Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem.#Sak 1,16-17; 8,3.15 17Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.#Sef 1,7; Hab 2,20; Mi 1,3

Currently Selected:

Sakarja 2: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in