Romarane 8
8
Den truande er etter sitt nye menneske frigjord ved Guds Ande frå syndemakti som batt han so lenge han stod under lovi, 1-11. Men difor lyt han og leva etter Anden; då kann han i voni vera viss på det ævelege livet, 12-17. Trengslone kann ikkje skipla lukka hans som Guds barn; for det er ikkje vyrdande mot den ævelege herlegdomen, endå um han, som heile skapningen elles, lyt sukka og klaga i ventetidi, 18-25; dessutan kjem Anden han til hjelp når han lid, 26.27, og han er i trui viss på at alle ting, jamvel trengslone, lyt tena til gagn for han, 28-30. Soleis kann den truande med sigergleda møta alt som kann henda han i livet, viss på at ikkje noko av det kann skilja han frå Guds kjærleik eller hindra han frå å få lut i Guds herlegdom, 31-39.
1So finst det då ingi fordøming for dei som er i Kristus Jesus; 2for lovi åt livsens Ande hev i Kristus Jesus gjort meg fri frå lovi åt syndi og dauden.#Rom 6,18; Joh 8,36; Rom 7,23 3For det som var umogeleg for lovi, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen Son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet,#Hebr 7,18; 2 Kor 5,21; Gal 3,13 4so kravet åt lovi skulde verta fullnøgd i oss, me som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden. 5For dei som er slike at dei let kjøtet råda, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som let Anden råda, trår etter det som høyrer Anden til. 6For det som kjøtet trår etter, er dauden, men det som Anden trår etter, er liv og fred,#Rom 6,21; Gal 6,8 7av di det som kjøtet trår etter er fiendskap mot Gud - for det vil ikkje lyda Guds lov, kann det ikkje heller -#Kol 1,21; Jak 4,4 8og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.#Rom 8,5 9Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men er det nokon som ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.#1 Kor 2,12; 3,16; Gal 4,6; 1 Joh 3,24 10Men er Kristus i dykk, so er nok lekamen daud på grunn av synd, men åndi er liv på grunn av rettferd.#2 Kor 13,5 11Men dersom hans Ande som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege lekamar levande ved sin Ande, som bur i dykk.#Apg 2,24; 1 Kor 6,14; 2 Kor 4,14 12So hev me då, brør, ingen skyldnad på oss mot kjøtet, so me skulde leva etter kjøtet.#Rom 6,6.18 13For lever de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de gjerningane åt lekamen ved Anden, so skal de leva.#Esek 18,21; Ef 4,22; Kol 3,5-6 14For alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.#Rom 8,9; 1 Joh 3,24; Gal 5,18 15Det var då ikkje ei trældoms-ånd de fekk, so de atter skulde reddast; nei, de fekk ei barnekårs-ånd, som gjer at me ropar: Abba, Fader!#Rom 8,9; 1 Kor 2,12; 2 Tim 1,7; Joh 1,12; 2 Kor 6,18; Gal 3,26; 4,6; Mark 14,36 16Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.#2 Kor 1,22; 5,5; Ef 1,13; 4,30 17Men er me born, so er me ervingar og - Guds ervingar og Kristi medervingar, so framt me lid med han, for at me og skal verta herlegjorde med han.#Gal 4,7; Apg 14,22; 2 Tim 2,11-12; 1 Pet 4,13 18For eg held fyre at lidingane i den tidi som no er, ikkje er vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.#Matt 5,12; 2 Kor 4,17; 1 Pet 1,6; 1 Joh 3,1-2; Kol 3,4 19For skapningen lengtar og stundar etter at Guds born skal verta openberra; 20for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som la han derunder - 21i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdomen og vinna den fridomen som fylgjer med herlegdomen åt Guds born.#Op 21,5; 2 Pet 3,13 22For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no; 23ja, ikkje berre det, men me og, endå me hev fyrstegrøda av Anden, me sukkar og med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, utløysingi av lekamen vår.#Gal 4,5; Ef 1,5; Luk 21,28; 2 Kor 5,2.4 24For i voni er me frelste, men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det han ser? 25Men vonar me noko me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.#Hebr 11,1 26Men sameleis kjem Anden oss og til hjelp i vår vanmakt. For me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det; men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for, 27og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for det er etter Guds vilje han bed for dei heilage.#1 Krøn 28,9; Sal 7,10; Jer 11,20; 17,10; Apg 1,24 28Og me veit at alle ting tener til gagn for dei som elskar Gud, dei som etter hans rådgjerd hev vorte kalla.#Jak 1,12; 2,5; Ef 1,11; 3,11; 2 Tim 1,9 29For dei som han fyreåt kjende, dei hev han og fyreåt etla til å likjast biletet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;#Ef 1,5.11; Fil 3,20-21; 1 Joh 3,2; Kol 1,18 30og dei som han fyreåt etla til det, dei hev han og kalla, og dei som han kalla, dei hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, dei hev han og herleggjort. 31Kva skal me då segja til dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?#4 Mos 14,9; Sal 56,12; 118,6 32Han som ikkje sparde sin eigen Son, men gav han for oss alle, korleis skulde han kunna gjera anna enn gjeva oss alle ting med han?#Rom 4,25; Jes 53,5; Joh 3,16 33Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.#Jes 50,8-9 34Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, meir enn det, som og hev stade upp att, som og er ved Guds høgre hand, som og bed for oss.#Sal 110,1; 1 Pet 3,22; Hebr 1,3; 8,1; 12,2; 1 Joh 2,1; Hebr 7,25; 9,24 35Kven vil skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller angest eller forfylgjing eller svolt eller nakenskap eller fåre eller sverd? 36som skrive stend: For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slaktesauer.#Sal 44,23; 1 Kor 4,9; 15,31; 2 Kor 4,11 37Men i alt dette vinn me meir enn siger ved han som elska oss.#1 Kor 15,57; 1 Joh 5,4-5; Op 12,11 38For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller makter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noko velde,#2 Tim 1,12; Ef 6,12; Kol 2,15 39korkje høgd eller dypt eller noko anna som skapt er, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Currently Selected:
Romarane 8: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2