Romarane 9
9
Paulus vitnar um si djupe sorg yver at Israel hev vanda tru-vegen til frelsa og difor sjølv hev vorte vanda av Gud, 1-5. Men Guds ord er like sant for det; for Guds lovnader galdt ikkje dei som etter sin naturlege fødsel høyrer til Israel, 6-13; når Gud etlar ut sin nåde, let han seg ikkje leida av anna enn sin eigen frie vilje, 14-18, og inkje menneske må tru at det kann koma fram for Gud med noko krav, 19-21. Men det at heidningane vert kalla til Guds rike, strider ikkje heller mot Guds ord; tvert imot er det varsla fyreåt av dei same profetane som hev vitna at av Israel skal berre ein leivning verta frelst, 22-29. Men skuldi for sin vanlagnad ber Israel sjølv, for di det hev vanda trui og halde seg til urettferdi, 30-33.
1Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,#Gal 1,20; 1 Tim 2,7 2at eg i hjarta mitt ber ei stor sorg og ein verk som aldri tryt. 3For eg kunde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, frendane mine etter kjøtet;#Rom 10,1; 2 Mos 32,32 4for dei er israelitar, dei hev barnekåret og herlegdomen og paktene og lovgjevingi og gudstenesta og lovnadene;#2 Mos 4,22; 5 Mos 7,6; Sal 147,19; Jer 31,9; Ef 2,12 5deira er federne, og frå dei er Kristus komen etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.#Matt 1,1-17; Joh 1,1-18; Kol 2,9; Rom 1,25 6Men med dette vil eg ikkje hava sagt at Guds ord hev vorte um inkje; for ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer difor til Israel;#4 Mos 23,19; Joh 8,39; Rom 2,28; Op 2,9 7og ikkje heller er dei alle Abrahams born for di um dei er ætta frå han; men: Det er etterkomarane etter Isak som skal kallast di ætt,#1 Mos 21,12; Gal 4,23 8det vil segja: ikkje dei som er born etter kjøtet, er Guds born, men dei som er born etter lovnaden, vert rekna til ætti.#Gal 4,28; 3,29 9For eit lovnadsord er dette: Ved dette leitet kjem eg att, og då skal Sara ha fenge ein son.#1 Mos 18,10.14 10Og ikkje berre det; men so var det og med Rebekka, ho som var med born med EIN mann, Isak, far vår.#1 Mos 25,21 11For medan borni endå var ufødde og endå ikkje hadde gjort anten godt eller vondt, vart det - for di Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje på grunn av gjerningar, men etter hans vilje som kallar - 12sagt til henne: Den eldre skal tena den yngre;#1 Mos 25,23 13som skrive stend: Jakob elska eg, men Esau hata eg.#Mal 1,2-3 14Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!#Rom 3,5; 5 Mos 32,4; Job 34,10 15For til Moses segjer han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast yver den som eg ynkast yver.#2 Mos 33,19 16So stend det då ikkje til den som vil, ikkje heller til den som renner, men til Gud, som gjer miskunn. 17For Skrifti segjer til Farao: Difor var det just eg reiste deg upp, at eg vilde syna makti mi på deg, og at namnet mitt skulde verta kunnigt yver all jordi.#2 Mos 9,16 18So miskunnar han då kven han vil, og forherdar kven han vil. 19So vil du vel segja til meg: Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel hans vilje imot? 20Men kven er då du, menneske, som trettar imot Gud? Kann vel verket segja til meisteren som gjorde det: Kvi gjorde du meg so?#Jes 45,9 21Eller hev ikkje krusmakaren rådvelde yver leiret, so han av same deigen kann gjera eitt kjerald til æra og eit anna til vanæra?#Jes 64,7; Jer 18,6; 2 Tim 2,20 22Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og gjera si makt kunnig, like vel med stort langmod tolde vreide-kjeraldi, som var laga til undergang,#Rom 2,4 23so han og kunde gjera sin ovrike herlegdom kunnig på miskunns-kjeraldi, som han fyreåt hadde butt til herlegdom? 24Og til å vera slike kalla han oss og, ikkje berre millom jødar, men millom heidningar og, 25som han og segjer hjå Hoseas: Det folk som ikkje er mitt, vil eg kalla mitt folk, og henne som ikkje er elska, vil eg kalla den som eg elskar,#Hos 2,23; 1 Pet 2,10 26og det skal ganga so at på den staden det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal dei kallast born åt den levande Gud.#Hos 1,10 27Og Esaias ropar ut yver Israel: Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal berre ein liten rest verta frelst.#Jes 10,22-23 28For det som Herren hev sagt, skal han setja i verk og snøgt fullføra på jordi. 29Og som Esaias fyreåt hev sagt: Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so var me vortne som Sodoma og gjorde like med Gomorra.#Jes 1,9; 1 Mos 19,24-25 30Kva skal me då segja? At heidningar, som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru; 31men Israel, som søkte ei rettferds-lov, dei vann ikkje fram til slik ei lov.#Rom 10,3; 11,7 32Kvi då? For di dei ikkje søkte henne av tru, men tenkte dei skulde vinna fram med gjerningar. Dei støytte seg på støytesteinen,#1 Kor 1,21.23 33som skrive stend: Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til fall; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar.#Jes 8,14; 28,16; Matt 21,42-44; Sal 2,12; 25,3; Rom 10,11
Currently Selected:
Romarane 9: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2