YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 7

7
Når eit menneske døyr, hev lovi ikkje lenger noko velde yver det; difor er den truande, som hev lut i Kristi daude, frigjord frå lovi og høyrer ingen annan til enn Kristus, 1-6. Lovi er ikkje synd, men ho vekkjer lysti og aukar soleis syndi, som tek tilføre av bodet, dårar og drep mennesket, 7-13. I seg sjølv er lovi heilag; mennesket derimot er selt under syndi. Når han gjer det vonde han ikkje vil, og let vera å gjera det gode han vil, so sannar han at lovi er god, og han sjølv er vond. Difor er det ingen annan veg til frelsa enn å setja si lit til Guds nåde i Kristus, 14-25.
1Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til folk som kjenner lovi - at lovi råder yver mennesket for so lang tid som det lever? 2Soleis er ei gift kvinna ved lovi bundi til mannen sin so lenge han lever; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi som batt henne til mannen.#1 Kor 7,10.39 3Difor skal ho kallast horkona i fall ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar lever; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert nokor horkona um ho vert gift med ein annan mann. 4Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi lekam, av di de skulde høyra ein annan til - han som stod upp frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud.#Gal 2,19-20 5For då me var i kjøtet, verka dei syndige lystene, som vart vekte ved lovi, soleis i lemene våre at me bar frukt for dauden;#Rom 6,21 6men no er me løyste frå lovi - me hev døytt frå det som heldt oss bundne, so me tener på ny vis: etter Anden, ikkje på gamal vis: etter bokstaven.#2 Kor 3,6 7Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg hadde ikkje visst um lysti, hadde ikkje lovi sagt: Du skal ikkje lysta!#Rom 3,20; 4,15; 2 Mos 20,17-18 8Men syndi nytta bodet til å verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud.#Rom 5,20; Gal 3,19 9Eg levde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp, 10men eg døydde; og bodet, som skulde vera til liv, det røyndest å vera meg til daude;#3 Mos 18,5; Esek 20,11.13 11for syndi nytta bodet til å dåra meg, og drap meg med det. 12So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettvist og godt.#1 Tim 1,8 13Hev då det som er godt, vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! Det var syndi, for di ho skulde syna seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - for di syndi skulde verta ovleg syndig ved bodet. 14For me veit at lovi er åndeleg; men eg er kjøtleg, seld under syndi; 15for det eg gjer, skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg.#Gal 5,17 16Men gjer eg det som eg ikkje vil, so sannar eg med lovi at ho er god;#Rom 7,12 17men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi, som bur i meg.#Rom 7,20 18For eg veit at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje; 19for eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi, som bur i meg.#Rom 7,17 21So finn eg då den lovi for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi.#Job 14,4; Sal 51,7 22For eg hev mi gleda i Guds lov etter mitt indre menneske,#Sal 1,2; 2 Kor 4,16 23men i lemene mine ser eg ei onnor lov, som strider mot lovi i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelovi, den som er i lemene mine.#Rom 8,2 24Eg arme menneske! kven skal fria meg frå denne daudens lekam? 25Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg, slik som eg er i meg sjølv, Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.#1 Kor 15,57

Currently Selected:

Romarane 7: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in