Romarane 6
6
Denne Guds nåde gjev ikkje den truande fridom til å synda; for då han var døypt til Kristi daude, døydde han sjølv frå syndi og fekk kraft til ein ny livnad; dette gjer han både dugleg og skuldig til å ferdast i heilagdom og rettferd for Gud, 1-14. Ikkje heller torer han synda av di han ikkje er under lovi; for hev han fyrst valt seg rettferdi til herre, so må han og tena henne i lydnad; då fær han eit æveleg liv; men han må ikkje freista å tena både rettferdi og syndi, som løner sine tenarar med dauden, 15-23.
1Kva skal me då segja? Skal me halda fram i syndi, so nåden kann verta so mykje større?#Gal 2,17 2Nei, langt ifrå! Me som hev døytt frå syndi, kor skulde me endå leva i syndi?#1 Pet 2,24 3Eller veit de ikkje at alle me som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til dauden hans?#Gal 3,27 4Soleis vart me ved dåpen til dauden gravlagde med han; for liksom Kristus vart reist upp att frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad.#Rom 8,10-11; Kol 2,12; Ef 4,22-24; Kol 3,1-4 5For hev me vorte sameina med han ved likskapen med dauden hans, so skal me og verta det ved likskapen med uppstoda hans,#Fil 3,10-11 6sidan me veit dette at vårt gamle menneske vart krossfest med han av di synde-lekamen skulde verta til inkjes, so me ikkje skal tena syndi lenger;#Gal 2,20; 5,24 7for den som hev døytt, han er rettferdiggjort frå syndi.#1 Pet 4,1 8Men hev me døytt med Kristus, so trur me at me skal leva med han,#2 Tim 2,11 9av di me veit at etter Kristus stod upp frå dei daude, døyr han ikkje meir; dauden hev ikkje lenger velde yver han.#Op 1,18 10For den dauden han døydde, den døydde han EIN gong for syndi, men det livet han lever, det lever han for Gud.#Hebr 7,27; 9,28 11Soleis lyt de halda dykk for daude for syndi, men levande for Gud i Kristus Jesus.#1 Pet 2,24; Gal 2,19 12So lat då ikkje syndi råda i den døydelege lekamen dykkar, so de lyder lystene hans! 13Bjod ikkje heller lemene dykkar fram åt syndi til våpen for urettferdi, men bjod dykk sjølve fram åt Gud, sidan de frå daude hev vorte levande, og bjod lemene dykkar fram åt Gud til våpen for rettferdi!#Rom 12,1; 1 Tess 4,4-5; 1 Pet 4,2; Hebr 9,14 14For syndi skal ikkje få råda yver dykk; de er ikkje under lovi, men under nåden. 15Kva då? Skal me synda, sidan me ikkje er under lovi, men under nåden? Nei, langt ifrå!#Rom 6,1 16Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar, so de lyder han, so er de tenarar under den som de soleis lyder, anten det er under syndi - då vert det til daude - eller under lydnaden - då vert det til rettferd -.#Joh 8,34; 2 Pet 2,19 17Men Gud vere takk at de nok hev vore tenarar under syndi, men no av hjarta hev vorte lydige mot den lærdomsform som de vart yvergjevne til! 18Og sidan de er frigjorde frå syndi, hev de vorte tenarar for rettferdi.#Joh 8,32; Gal 5,1 19Eg talar på menneskevis for skuld vanmakti åt kjøtet dykkar. For liksom de baud lemene dykkar fram til tenarar for ureinskapen og urettferdi, so det vart til urettferd, soleis skal de no bjoda lemene dykkar fram til tenarar for rettferdi, so det vert til helging.#Rom 6,13 20For då de tente syndi, var de frie frå rettferdi.#Rom 6,16.18 21Kva frukt hadde de då den gongen? Slikt som de no skjemmest ved; for enden på det er dauden.#Rom 8,6 22Men no som de er frigjorde frå syndi og hev vorte Guds tenarar, hev de dykkar frukt til helging, og enden på det er at de fær æveleg liv.#Rom 6,18; 1 Pet 1,9 23For den løni som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er æveleg liv i Kristus Jesus, vår Herre.#Rom 5,12; Jak 1,15; Rom 5,21; Joh 10,10.28; 11,25
Currently Selected:
Romarane 6: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2