Romarane 5
5
Ved denne rettferdiggjerande trui fær me no verkeleg ei heil og full frelsa: fred med Gud her i livet og ei usvikeleg trygg von um å få lut i Guds herlegdom i eit anna liv, 1-11. So syner det seg då at liksom Adam hev ført syndsens og daudens naud inn i verdi, soleis verkar Kristus den frelsa som gjer all denne naudi meir enn god att, 12-19. Men lovi skal tena til å gjera syndi åt manneætti retteleg synberr so Gud kann få syna sin ovrike nåde i frelsa og syndeforlatingi, 20.21.
1Sidan me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus,#Apg 10,36; Ef 2,14 2som me ved trui og hev fenge tilgjenge ved til denne nåden som me stend i, og me rosar oss av von um Guds herlegdom;#Joh 10,9; 14,6; Ef 2,18; 3,12; Hebr 10,19 3ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslone våre, for me veit at trengsla verkar tolmod,#Fil 1,29; Jak 1,2-3 4og tolmod verkar røynsla, og røynsla verkar von, 5og voni gjer oss ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande, som er oss gjeven.#Hebr 6,18-19; 1 Joh 4,16 6For medan me endå var vanmektige, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege.#Ef 2,1; Kol 2,13; Hebr 9,15; 1 Pet 3,18 7Det er vandt um nokon vil ganga i dauden for ein rettferdig - endå det kann vel henda at einkvan kunde taka på deg å døy for ein god mann - 8men Gud syner oss sin kjærleik med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar.#Joh 3,16; 1 Joh 3,16 9So mykje meir skal me då, no som me er rettferdiggjorde ved hans blod, ved han verta frelste frå vreiden. 10For so sant me, då me var Guds fiendar, vart forlikte med han ved dauden åt Son hans, so skal me no som me er forlikte, so mykje meir verta frelste ved hans liv;#Kol 1,21-22 11ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av Gud ved vår Herre Jesus Kristus, liksom det er ved han me no hev fenge forlikingi.#Sal 34,3; 1 Kor 1,31 12Difor, liksom syndi kom inn i verdi ved eitt menneske, og dauden ved syndi, og dauden soleis trengde seg igjenom til alle menneske, for di alle synda -#1 Mos 3,6; 1 Kor 15,21-22; 1 Mos 2,17; Rom 6,23 13for synd var det i verdi fyrr lovi kom, men syndi vert ikkje tilrekna nokon der det ingi lov er;#Rom 4,15 14like vel rådde dauden frå Adam til Moses ogso yver dei som ikkje hadde synda i likskap med brotet åt Adam, han som er eit fyrebilete på den som skulde koma. 15Men det er ikkje like eins med nådegåva som med fallet; for um dei mange laut døy for di den eine hadde falle, hev so mykje meir Guds nåde og den gåva som kjem av det eine menneske Jesu Kristi nåde, vorte ovrik for dei mange.#1 Kor 15,22; Joh 1,16-17 16Og ikkje er det soleis med gåva som det vart då ein mann synda; for domen vart til fordøming for ein mann skuld, men nådegåva vart til fridøming for mange fall skuld. 17For kom dauden på grunn av ein manns fall til å råda ved denne eine, skal so mykje meir dei som fær den ovrike nåden og rettferdsgåva, leva og råda ved den eine, Jesus Kristus. 18Difor, liksom EIN manns fall vart til fordøming for alle menneske, soleis vart og EIN manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske;#1 Joh 2,2 19for liksom dei mange vart syndarar av di det eine mennesket var ulydigt, so skal og dei mange verta rettferdige av di den eine var lydig.#Jes 53,11 20Men lovi kom attåt so fallet skulde verta stort; men der syndi vart stor, vart nåden endå større;#Rom 4,15; Gal 3,19; 1 Kor 15,56; Rom 7,8; Luk 7,47 21for liksom syndi rådde ved dauden, skulde og nåden råda ved rettferd til eit æveleg liv ved Jesus Kristus, vår Herre.#Rom 5,17
Currently Selected:
Romarane 5: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2