YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 54

54
David bed Gud frelsa han frå dei ugudlege fiendane hans, 3-5, set si lit til Guds hjelp, 6.7, og lovar å prisa Gud for si frelsa, 8.9.
1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme til lærdom av David, 2då sifitane kom og sa til Saul: David held seg løynd hjå oss.#1 Sam 23,19-28 3Gud, frels meg ved ditt namn, og hjelp meg til min rett ved di kraft! 4Gud, høyr mi bøn, venda øyra til ordi frå min munn! 5For framande hev stade upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela. 6Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mitt liv.#Sal 97,10 7Det vonde skal falla tilbake på mine fiendar; gjer dei til inkjes i din truskap!#Sal 62,13 8Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; eg vil prisa ditt namn, Herre, for det er godt.#Sal 92,2 9For or all naud friar han meg ut, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.#Sal 59,11; 91,8

Currently Selected:

Salmane 54: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in