YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 53

53
David klagar yver den ålmenne vondskapen hjå menneski, 2-4, er viss på at dei ugudlege skal ganga til grunns og dei gudlege sigra, 5.6, og lengtar etter frelsa for Israel frå Sion, 7.
1Til songmeisteren; etter Mahalat; ein salme til lærdom av David. /#53,1 Mahalat tydingi uviss. 2Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira misgjerningar; det er ingen som gjer godt.#Sal 14,1-3 3Gud skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud. 4Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. 5Håttar dei då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje. 6Då vart dei storleg redde, dei som ikkje visste av reddhug; for Gud spreider beini av dei som lægrar seg mot deg; du gjer dei til skammar, for Gud hev støytt dei burt. 7Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Gud gjer ende på sitt folks fangetid, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

Currently Selected:

Salmane 53: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in