YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 52

52
Davids veldige fiende, som med sine meinråder trugar han med tyning, hev ingen grunn til å rosa seg av sin vondskap; Guds nåde vik ikkje frå dei gudlege, 3-5. For hans vondskap skuld skal Gud lata han sjølv ganga til grunns, og dei rettferdige skal gleda seg, 6-9, medan David visseleg skal verta berga og sjå lukka, 10.11.
1Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David, 2då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sa til han: David er komen i Akimeleks hus.#1 Sam 22,9-10 3Kvi rosar du deg av vondskap, du veldige? Guds miskunn varer all dagen.#Sal 138,8; Klag 3,22-23 4På tyning stilar di tunga, lik ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråder.#Sal 57,5; Jak 3,6 5Du elskar det vonde i staden for det gode, lygn i staden for å tala sant. Sela. 6Du elskar kvart tynande ord, du svikfulle tunga! 7So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg ut or tjeldet og rydja deg ut or landet åt dei levande. Sela. 8Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt han og segja: 9Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si sterke vern, men sette si lit til sin store rikdom, sette sin styrke i sin vondskap.#Sal 49,7; 62,11 10Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus, eg set mi lit til Guds miskunn æveleg og alltid.#Sal 92,13-14; 23,6 11Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil venta på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.#Sal 52,7; 37,5

Currently Selected:

Salmane 52: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in