Salmane 51
51
David vender seg etter sitt store fall med Batseba, 1.2, til Gud og bed um syndstilgjeving og uppattnying ved den Heilage Ande, med di han kjenner og sannar si misgjerd og den ovdjupe skaden i seg, 3-14. Han lovar at dersom Gud høyrer bøni hans, skal han føra andre syndarar til umvending og prisa Guds rettferd og nåde av eit sundstøytt hjarta, som Gud hev meir hugnad i enn i noko ytre offer, 15-19. Han sluttar med bøn for Sion, 20.21.
1Til songmeisteren; ein salme av David, 2då profeten Natan var komen til han, etter han hadde gjenge inn til Batseba.#2 Sam 12,1-14 3Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug! 4Två meg vel rein frå mi misgjerning, og reinsa meg frå mi synd! 5For mine brot kjenner eg, og mi synd er alltid framfor meg. 6Mot deg einast hev eg synda, og det som vondt er i dine augo, hev eg gjort, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer. /#Job 9,2-3; Rom 3,4#51,6 dømer d. e. ein lyt sanna at du er rettferdig i dine straffedomar. 7Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.#1 Mos 8,21; Job 14,4; Joh 3,6; Ef 2,3 8Sjå, du hev lyst til sanning i inste hjarta; so lær meg då visdom i hjartedjupet! 9Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!#3 Mos 14,6; 4 Mos 19,18; Jes 1,18 10Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund! 11Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar! 12Gud, skap i meg eit reint hjarta, og nya uppatt ei stødig ånd inni meg!#Esek 11,19; 36,26 13Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din Heilage Ande frå meg! 14Lat meg atter få fagna meg yver di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!#Rom 8,15 15So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.#Sal 32,8; Luk 22,32 16Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.#2 Sam 11,17; 12,9-10 17Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn kunngjera din pris. 18For du hev ikkje lyst til slaktoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.#Sal 40,7; 50,8-13 19Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå.#Sal 34,19; Jes 57,15; 66,2 20Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murane åt Jerusalem! 21Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.#Sal 4,6; 3 Mos 6,16
Currently Selected:
Salmane 51: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2