YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 50

50
Gud kjem og vil tyda lovi, som Israel hev mistydt og forbrote seg mot, og døma dei som hev forbrote seg, 1-6. Han vitnar at den sanne gudsdyrkingi ikkje er å bera fram ytre offer, som han ikkje treng, og som ikkje svarar til hans grunnhått, 7-13, men å hava eit hjarta som er fullt av takksam kjærleik, 14.15. Han refser hyklarskapen åt dei som hev hans bod på tunga, medan dei i si åtferd mot næsten gjer imot dei, og han trugar dei med hard straff, dersom dei ikkje aktar på hans refsing, 16-22. Til slutt tek han uppatt at eit takksamt hjarta og eit liv etter lovi er den rette gudsdyrking, 23.
1Ein salme av Asaf. / Den Allmektige, Gud Herren, talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad. 2Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.#Sal 48,3 3Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring han stormar det sterkt.#Sal 49,21 4Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk: 5Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer! 6Og himmelen kunngjer hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.#Sal 97,6 7Høyr, mitt folk, eg vil tala, Israel, eg vil vitna for deg; Gud, din Gud, er eg. 8Ikkje for dine offer vil eg straffa deg; dine brennoffer er alltid framfor meg.#Jer 7,22-23 9Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar.#Sal 40,7 10For meg høyrer alle dyr i skogen til, dyri på fjelli i tusundtal. 11Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo. 12Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det.#Sal 24,1; 1 Kor 10,26 13Skulde eg eta kjøt av uksar og drikka blod av bukkar?#Jes 1,11; Mi 6,7 14Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,#5 Mos 23,21.23 15og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.#Matt 7,7 16Men til den ugudlege segjer Gud: Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,#Rom 2,21 17etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg?#Ordt 12,1; Neh 9,26 18Når du ser ein tjuv, er du gjerne med han, og med horkarar slær du lag.#Rom 1,32; Ef 5,11 19Din munn slepper du laus med det som vondt er, og di tunga spinn i hop svik. 20Du sit og talar imot bror din, du baktalar son åt mor di. 21Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil straffa deg og setja det fram for augo dine. 22Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva sund, og ingen frelser! 23Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, han vil eg lata sjå Guds frelsa!#Sal 91,16; Luk 2,30

Currently Selected:

Salmane 50: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in