Salmane 49
49
Songaren bed alle menneske høyra på hans visdomstale, som han hev fenge frå Gud, 2-5. Den gudlege må ikkje verta modlaus når han vert trælka av rikmenner som gjer sitt gods til sin Gud, 6.7. For det stend ikkje i mannemakt å løysa ein annan ut frå dauden; dei rike dårane lyt og døy og ganga ifrå godset sitt, 8-11. Deira von um å få hava herlegdomen sin for alltid vert sviki; dauden tek dei og held fast på dei, og alt dei åtte, vert teke frå dei, 12-15. Men den gudlege vert av Gud sjølv fria ut or daudens vald, 16. Difor skal han ikkje verta modlaus um han ser at rikdomen åt den ugudlege veks; rikdomen fylgjer han ikkje i dauden, og i den vert han sjølv verande til æveleg tid, 17-21.
1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme. 2Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi, 3både låge og høge, rike og fatige, alle saman! 4Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit. 5Eg vil halla mitt øyra til fyndord, eg vil segja fram mi gåta til harpeljod.#Sal 78,2 6Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg, 7dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom? 8Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for han 9- utløysingi av deira liv er for dyr, og han lyt lata det vera til æveleg tid - 10so han skulde halda ved å leva for alltid og ikkje sjå gravi.#Sal 49,16 11Nei, han skal få sjå henne. Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.#Fork 2,16; 6,2 12Einaste tanken i deira hjarta er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn. 13Men eit menneske i herlegdom vert ikkje verande; han er lik dyri, som gjeng til grunns.#Fork 3,19 14So gjeng det dei som er fulle av tru til seg sjølve, og dei som fylgjer etter dei og likar deira tale. Sela. 15Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter dei, og dei trurøkne råder yver dei, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger. 16Men Gud skal løysa ut mi sjel or helheims vald; for han skal taka meg til seg. Sela.#1 Mos 5,24; Sal 73,24 17Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor herlegdom! 18For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans herlegdom skal ikkje fara ned etter han.#Job 27,16-17; Sal 39,7 19Um han og velsignar si sjel i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,#Luk 12,19 20so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva. 21Eit menneske i herlegdom, som ikkje hev vit, er lik dyri, som gjeng til grunns.#Sal 49,13
Currently Selected:
Salmane 49: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2