YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 48

48
Songaren prisar herlegdomen åt Jerusalem, Guds by, 2.3. Gud hev synt kor herleg byen er, med di han hev berga han frå fiendekongar som hev slege seg i hop mot han, 4-9. Lyden takkar Gud for frelsa, 10-12, og byd at ho skal kunngjerast for den komande ætti, 13-15.
1Ein song, ein salme; av Korahs born. 2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.#Sal 46,5 3Fagert ris det, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, byen åt den store kongen. /#Jes 14,13-14; Sal 68,16-17; Jes 2,2; Matt 5,35#48,3 nordheimen Heidningane tenkte seg at det i utkanten av nordheimen låg eit heilagt og ovleg høgt fjell; Sion, der som Gud bur, er i sanning eit heilagt fjell. 4Gud er i borgene der, han hev synt at han er ei fast vern.#Sal 46,1.6.8 5For sjå, kongane kom saman og drog fram i lag.#2 Krøn 20,1-13 6Dei såg - då vart dei forfærde; dei vart vitskræmde, flydde i bråhast. 7Ein skjelv greip dei der, angest som hjå ei barnsjuk kvinna. 8Med austanvind braut du sund Tarsis-skip. 9Liksom me hadde høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers Gud by, i vår Guds by; Gud gjer han fast til æveleg tid. Sela.#Sak 8,3; Matt 16,18 10Me grundar på di miskunn, Gud, midt i ditt tempel. 11Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endane av jordi; di høgre hand er full av rettferd. 12Sionfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.#Sal 97,8 13Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn! 14Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar borger, so de kann fortelja um det til den komande ætt. 15For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.#Sal 49,16; 68,21

Currently Selected:

Salmane 48: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in