Salmane 22
22
Messias klagar for di Gud, som hev frelst federne kvar gong dei ropa til han i si naud, og som alt frå han var barn, hev synt at han var hans Gud, no hev forlate han, endå han stendigt ropar til han og i sin armodsdom jamvel hev vorte til spott for alle, 2-11. Han er kringsett av hjartelause fiendar, som trugar med å taka livet hans og fer fram mot han som han alt var daud; difor bed han Gud vera snar til å hjelpa han, 12-22. I vissa um at Herren hev høyrt bøni hans og vil frelsa han, skildrar han dei herlege og sæle fylgjone det vil få; både Israel og heidningfolki, både høge og låge og jamvel dei komande ættene skal njota fruktene av det og tilbeda og prisa Herren for det, 23-32.
1Til songmeisteren etter «Morgonrodens hind»#22,1 hind truleg er det tonen som er meint. 2Min Gud! Min Gud! Kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.#Matt 27,46 3Min Gud! Eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.#Sal 88,2; Job 30,20 4Og du er då heilag, du som tronar yver Israels lovsongar. 5På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du berga dei. 6Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.#Sal 107,6; 25,3 7Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneske og vanvyrd av folk.#Jes 49,7; 53,3 8Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen, rister på hovudet og segjer:#Matt 27,39 9Legg det på Herren! Han skal berga han, han skal fria han ut, sidan han hev hugnad i han.#Sal 37,5; Matt 27,43 10Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.#Sal 71,6 11På deg er eg kasta frå morslivet; frå morsfanget er du min Gud. 12Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, og det finst ingen hjelpar.#Sal 35,22 13Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg. 14Dei spilar upp sitt gap imot meg som ei flengjande og burande løva. 15Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta er som voks, det smeltar inst i mitt liv. 16Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til gomen, og du legg meg ned i daudens dust.#Sal 38,11 17For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne hev kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.#Joh 19,18; 20,27 18Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei som ser på meg med lyst. 19Dei skifter klædi mine millom seg og kastar lut um kjolen min.#Matt 27,35; Joh 19,23-24 20Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg! 21Fria mi sjel frå sverdet, mitt einaste frå hundevald! /#Sal 35,17#22,21 einaste d. e. mi sjel. Salm. 35,17. 22Frels meg frå løvegap, og frå villuksehorn - du bønhøyrer meg! 23Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg.#Sal 26,12; 40,10-11; Hebr 2,12 24De som ottast Herren, lova han, all Jakobs ætt, æra han, og hav age for han, all Israels ætt! 25For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom og ikkje løynt si åsyn for han; men då han ropa til han, høyrde han.#Sal 9,13 26Frå deg kjem min lovsong i ein stor lyd; eg vil halda mine lovnader for deira augo som ottast han.#Sal 66,13-15; 116,14 27Dei spaklyndte skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova han; hjarta dykkar leve til æveleg tid!#Sal 69,33; Jes 65,13-14; Matt 5,5-6 28Alle endane av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle folkeætter skal tilbeda for di åsyn.#Sal 72,11; 102,23 29For riket høyrer Herren til, og han råder yver folkeslagi.#Sal 47,9; 96,10 30Alle rikmenn på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne alle dei som stig ned i moldi, og den som ikkje kann halda si sjel i live.#Sal 22,27 31Etterkomarane skal tena han; det skal verta fortalt um Herren til den ætti som kjem.#Sal 102,19 32Dei skal koma og kunngjera hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.
Currently Selected:
Salmane 22: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2