Salmane 23
23
David prisar Herren, den gode hyrdingen, som gjev han kvild, kveikjer og vaktar han og syter for han, 1-5, og segjer seg viss på at han i samfundet med Herren skal njota rik velsigning i heile si levetid, 6.
1Ein salme av David. / Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.#Sal 34,10; 80,2; Jes 40,11; Joh 10,11-18; 1 Pet 2,25 2Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila. 3Han kveikjer mi sjel, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 4Endå um eg skulde ganga i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg. 5Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup.#Sal 92,11 6Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine levedagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.#Sal 15,1; 27,4
Currently Selected:
Salmane 23: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2