YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 21

21
Israel segjer seg takksam og glad for at Herren hev gjeve kongen, som lit på han, ei ovnøgd med gode ting, 2-8, er viss på at kongen med hans hjelp skal vinna yver alle fiendane sine og tyna dei, 9-13, og sluttar med bøn og lovprising, 14. / Alt dette fær si fullkomne uppfylling i Messias og den ævelege herlegdomen som fylgjer kongedømet hans.
1Til songmeisteren; ein salme av David. 2Herre! Kongen gled seg yver di makt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa! 3Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve han, og ikkje neitta han det hans lippor bad um. Sela.#Sal 20,5-6 4For du kom han til møtes med velsigning og lukka; du sette ei kruna av gull på hans hovud.#Sal 132,18 5Han bad deg um livet; du gav han det, eit langt liv, æveleg og alltid.#2 Sam 7,12-16; Sal 61,7-9; 89,5.30.37-38 6Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du på han. 7For du set han til velsigning for alle tider, du hugnar han med gleda for di åsyn. 8For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka. 9Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna dei som hatar deg. 10Du skal gjera dei som ein gloande omn når du viser di åsyn; Herren skal tyna dei i sin vreide, og eld skal øyda dei.#Sal 97,3; Mal 4,1 11Deira frukt skal du rydja ut av jordi, og deira avkjøme millom mannsborni.#Sal 109,13 12For dei hev stila på vondt imot deg, dei hev lagt upp meinråder; dei skal ingen ting maktast. 13For du skal få dei til å snu ryggen til; med dine bogestrenger siktar du på deira andlet.#Sal 7,13-14 14Reis deg, Herre, i di makt! Me vil lovsyngja og prisa ditt storverk.

Currently Selected:

Salmane 21: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in