Salmane 20
20
Israel bed for kongen sin at Herren vil hjelpa han i all hans naud, 2-4, setja alle hans råder i verk og gjera det han ynskjer, 5.6. Folket hev den visse voni at Herren vil hjelpa han mot fiendane hans, som lit på hermakti si, medan det sjølv lit på sin Gud, 7-9. Til slutt tek det bøni upp att, 10. / Salmen talar um Israels-kongane i heile taket og serleg um Messias, Israels ævelege konge.
1Til songmeisteren; ein salme av David. 2Herren bønhøyre deg på trengsle-dagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg! 3Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion! 4Gjev han må minnast alle dine matoffer og finna ditt brennoffer godt. Sela. 5Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder! 6Gjev me fekk fagna oss ved di frelsa og lyfta sigermerket i vår Guds namn! Herren uppfylle alle dine bøner! 7No veit eg at Herren frelser den han hev salva; han svarar han frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand. 8Hine prisar vogner, hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren vår Gud.#1 Sam 17,45; Sal 33,17-18; 44,7; Ordt 18,10 9Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. 10Herre, frels! Kongen svare oss den dag me ropar!
Currently Selected:
Salmane 20: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2