Salmane 17
17
Med di David styd seg til ærlegdomen i hjarta sitt, bed han Herren frelsa han på underfull vis frå dei ugudlege og blodgjeruge forfylgjarane, som held på og skal få han i si makt, og hev den faste voni at Herren, som hev gjeve dei det som godt er i denne verdi, vil lata han skoda hans åsyn med gleda når han vaknar or daudens svevn, 1-15.
1Ei bøn av David. / Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå sviklause lippor!#Sal 18,21-25 2Lat min rett ganga ut frå di åsyn, dine augo skoda kva rett er! 3Du hev prøvt mitt hjarta, gjesta det um natti, du hev ransaka meg, du fann ingen ting; min munn vik ikkje av frå mine tankar.#Sal 7,10; Ordt 17,3 4Mot det som menneske hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar. 5Mine fet heldt seg stødt til dine farvegar, mine steg var ikkje utstøde.#Job 23,11 6Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Halla øyra ditt til meg, høyr mitt ord! 7Vis miskunn med underfulle verk, du som med di høgre hand frelser dei som flyr til deg, frå dine motstandarar! 8Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen av dine venger#5 Mos 32,10; Sak 2,12 9for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg! 10Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.#Sal 119,70 11Kvar me gjeng, kringgjeng dei meg no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi. 12Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.#Sal 10,9 13Statt upp, Herre, stig fram imot han, støyt han ned, frels mi sjel frå den ugudlege med ditt sverd, 14frå menneski med di hand, frå menneski av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine leivner etter seg til sine born!#Luk 16,25 15Eg skal i rettferd skoda di åsyn, eg skal, når eg vaknar, mettast av din skapnad.#Sal 16,11; Matt 5,8; 1 Joh 3,2; Jes 26,19; Dan 12,2
Currently Selected:
Salmane 17: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2