Salmane 18
18
David syng ein herleg lovsong for Herren, for di han hev frelst han frå alle fiendane hans, 1. Han prisar fyrst Herren av di han er hans livd og hjelp, 2-4, skildrar so korleis Gud hev bønhøyrt han i hans store naud og trengsla, synt han sitt storvelde og fria han ut med si makt, 5-20, viser kvifor Gud var med han og berga han 21-28, skildrar korleis Gud velsignar kongedømet hans og gjev han makt til å leggja fiendane sine under seg, 29-46, og sluttar med å prisa Guds store miskunn mot han og ætti hans, 47-51.
1Til songmeisteren; av David, Herrens tenar, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dagen då Herren hadde frelst han frå alle fiendane hans og frå Saul.#2 Sam 22,1-4 2Og han sa: / Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!#Sal 46,2 3Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg, som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.#Sal 144,2; Luk 1,69 4Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar. 5Daudsens reip var spent um meg, og straumar av vondskap skræmde meg.#Sal 55,5; 116,3; Job 22,10 6Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg. 7I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt skrik nådde fram for han, til hans øyro.#Jona 2,8 8Då ristest jordi og skok seg, og grunnvollane i fjelli skalv og ristest, for han var harm. 9Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; glør loga ut frå han.#5 Mos 4,24; 32,22 10Han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter. 11Han for fram på kjerubar og flaug, han sveiv på vengene åt vinden.#Sal 99,1; 104,3; 1 Krøn 28,18 12Og han gjorde myrker til sitt skyle, til åklæde rundt ikring seg, myrke vatn, tjukke skyer.#Sal 97,2; Jes 50,3 13Frå glansen for hans andlet for hans skyer fram, hagl og gloande kol. 14Herren tora i himmelen, den Høgste let røysti si ljoda, hagl og gloande kol.#Sal 29,3 15Han sende ut sine piler og spreidde dei ikring - eldingar i mengd og fortulla dei. /#18,15 dei fiendane. 16Djupålane i vatni kom til synes, grunnvollane i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase. 17Han rette ut handi frå høgdi og greip meg; han drog meg upp or store vatn.#Sal 144,7 18Han frelste meg frå min mektige fiende, frå mine hatarar; for dei var meg for sterke. 19Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad. 20Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg. 21Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.#Sal 17,1 22For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud. 23For alle hans lover hadde eg for auga, bodordi hans støytte eg ikkje ifrå meg, 24og eg var ulastande for han og tok meg i vare for mi synd.#1 Kong 14,8; 15,5 25Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.#1 Sam 26,23-24 26Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot den rettvise mannen syner du deg rettvis, 27mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.#2 Sam 22,27; 3 Mos 26,23-24; Sal 146,9; Ordt 3,34 28For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.#Ordt 29,23; Jes 2,11; Luk 1,51; 1 Pet 5,5 29For du let mi lampa lysa klårt; Herren min Gud gjer mitt myrker bjart.#Sal 97,11; 112,4 30For ved deg renner eg mot fiendeflokkar, ved min Gud spring eg yver murar.#Sal 60,14; Fil 4,13 31Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle dei som flyr til han.#Sal 12,7; 19,9 32For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?#Jes 43,11; 44,6.8 33Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer vegen jamn for meg, 34som gjev meg føter liksom hindane og set meg upp på mine høgder,#Hab 3,19 35som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.#Sal 144,1 36Du gjev meg di frelsa til skjold, di høgre hand styd meg, og di småminking gjer meg stor. 37Du gjer vidt rom for mine steg under meg, og mine oklo vaggar ikkje.#Sal 31,9 38Eg elter mine fiendar og når dei att, og eg vender ikkje um fyrr eg hev gjort ende på dei. 39Eg slær dei i knas, so dei vinn ikkje reisa seg; dei fell under føtene mine. 40Du gyrder meg med kraft til striden; du bøygjer mine motmenner under meg. 41Mine fiendar let du snu ryggen til meg, dei som hatar meg, ryd eg ut. 42Dei ropar, men der er ingen frelsar - til Herren, men han svarar dei ikkje. 43Eg smuldrar dei som dust for vinden; som søyla på gatone slær eg dei ut. 44Du frelser meg frå folke-stridar; du set meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjenner, tener meg. 45Ved gjetordet um meg lovar dei meg lydnad; framande folk smeikjer for meg.#5 Mos 33,29 46Framande folk visnar av og gjeng skjelvande ut or sine borger. 47Herren lever, og lova er han, mitt berg, upphøgd er min Frelse-Gud, 48den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,#Sal 47,4 49som frelser meg frå mine fiendar; ja, yver mine motmenner lyfter du meg høgt, frå valdsmannen bergar du meg. 50Difor vil eg prisa deg millom heidningane, Herre, og lovsyngja ditt namn.#Rom 15,9 51Han gjer frelsa stor for sin konge og gjer miskunn mot den han hev salva, mot David og hans ætt til æveleg tid.#2 Sam 7,12-16
Currently Selected:
Salmane 18: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2