Salmane 16
16
Messias bed Gud vara han; for det er med han som med alle dei heilage, som han hev hugnad i og held seg til: han held Gud for det einaste gode for seg og hev inkje samlag med dei som dyrkar avgudar, 1-4; han prisar sin herlege lut, at han hev fenge Herren til sin deil, 5-7, og er fullviss på at Gud vil fria han ut or daudens vald og gjeva han liv og æveleg gleda, 8-11.
1Ein miktam av David. / Vara meg, Gud! for eg flyr til deg. /#16,1 miktam tydingi ukjend. 2Eg segjer til Herren: Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg -#Sal 73,25-26 3med di eg held meg til dei heilage som er i landet, og dei herlege som eg hev all min hugnad i. 4Mange sorger skal dei hava som byter åt seg andre; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor. /#2 Mos 23,13#16,4 andre d. e. andre gudar.#16,4 deira d. e. avgudane sine.#16,4 lippor 2 Mos. 23,13. 5Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du gjer min lut herleg.#Sal 119,57; Klag 3,24 6Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager. 7Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um nætene minner mine nyro meg um det. 8Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.#Apg 2,25-28 9Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg; ja, ogso mitt kjøt skal bu i trygd. /#16,9 æra d. e. sjel. 10For du vil ikkje yverlata mi sjel til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.#Apg 13,35 11Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.#Sal 17,15; 21,7
Currently Selected:
Salmane 16: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2