YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 15

15
David skildar korleis den må vera som skal kunna hava samlag med Herren, 1-5.
1Ein salme av David. / Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell?#Sal 23,6; 24,3-6; 27,4-5; 84,5; Ef 2,19 2Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta,#Jes 33,15; Sak 8,16-17 3som ikkje baktalar med si tunga, som ikkje gjer sin næste noko vondt og ikkje fører skam yver den som stend han nær,#3 Mos 19,16-17 4den som ser med vanvyrdnad på den gudlause, men ærar dei som ottast Herren, som sver til sin eigen skade og ikkje bryt sin eid,#Ordt 29,27; Jos 9,19 5den som ikkje låner sine pengar ut for renta og ikkje tek mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka. /#2 Mos 22,25; 3 Mos 25,35-55; 5 Mos 16,19; Ordt 17,23#15,5 renta til den fatige bror sin; 2 Mos. 22,25. 3 Mos. 25,35fg. 5 Mos. 16,19. Ordtøke 17,23.

Currently Selected:

Salmane 15: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in