Salmane 14
14
David klagar yver all vondskapen millom menneski, 1-3, segjer seg fullviss på at Herren vil straffa dei ugudlege og hjelpa dei rettferdige som vert trælka, 4-6, og lengtar hjarteleg etter at han vil frelsa folket sitt i naudi, 7.
1Til songmeisteren; av David. / Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira gjerningar; det er ingen som gjer godt.#Sal 53,2-4; 10,4; 1 Mos 6,12 2Herren skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.#Sal 33,13 3Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.#Rom 3,10-12 4Håttar dei då ikkje, alle dei som gjer urett, som er mitt folk, liksom dei et brød? På Herren kallar dei ikkje.#Mi 3,3 5Då vert dei storleg redde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.#1 Tess 5,3 6Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.#Sal 46,2 7Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Herren gjer ende på sitt folks fangekår, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.#Sal 128,5; 126,1-3
Currently Selected:
Salmane 14: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2