YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 3

3
Døyparen Johannes i øydemarki, 1-12; Jesus vert døypt, 13-17.
1I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Judaheidi#Mark 1,2-8; Luk 3,2-18 2og sa: Vend um! For himmelriket er nær. 3Det er han Esaias, profeten, talar um når han segjer: Høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans!#Jes 40,3; Joh 1,23 4Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning.#2 Kong 1,8 5Då kom dei ut til han frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordankverven, 6og han døypte dei i Jordanåi, medan dei sanna syndene sine. 7Mange av farisearane og saddusearane kom og til dåpen hans. Då han såg dei, sa han: Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar? 8Ber då frukt som svarar til umvendingi, 9og tru ikkje de kann tenkja som so: Me hev Abraham til far! for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinane.#Joh 8,39 10Øksi ligg alt innmed roti på trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.#Matt 7,19; Joh 15,2.6 11Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.#Joh 1,26; Apg 2,2-13; 19,4-6 12Han hev kasteskovli i handi og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnene skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.#Matt 13,30.42 13So kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og vilde få han til å døypa seg.#Mark 1,9-13; Luk 3,21-22 14Men Johannes bar seg undan og sa: Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg! 15Jesus svara: Lat det no vera so like vel! For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett. Då gjorde han som Jesus vilde. 16Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for han, og han såg Guds Ande koma dalande ned yver seg som ei duva,#Mark 1,10; Joh 1,32-34 17og ei røyst frå himmelen sa: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.#Matt 17,5; Jes 42,1

Currently Selected:

Matteus 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in