YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 2

2
Vismennene frå Austerlandi, 1-12. Josef rømer til Egyptarland med Maria og barnet; barnemordet i Betlehem, 13-18. Dei kjem attende frå Egyptarland med Jesus og vert buande i Nasaret, 19-23.
1Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes' dagar. Då kom det nokre vismenn frå Austerlandi til Jerusalem og sa:#Luk 2,1-20 2Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla han.#4 Mos 24,17 3Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med. 4Han kalla i hop alle øvsteprestane og alle skriftlærde i landet, og spurde dei kvar Messias skulde koma til verdi. 5Dei svara: I Betlehem i Judalandet, for so stend det skrive hjå profeten:#Mi 5,1; Joh 7,42 6Du Betlehem, du Judabygd, av Juda-hovdingane er du visst ikkje ringaste av rang; for or deg skal ein hovding ganga fram som skal vera ein hyrding for Israel, folket mitt. 7Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei ut um tidi då stjerna hadde synt seg. 8So styrde han dei i veg til Betlehem og sa: Far no dit og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det! 9Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland, ho for fyre dei, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande. 10Då vismennene såg stjerna, vart dei ovleg glade. 11Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne og hyllte barnet. Og dei let upp skrini sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.#Sal 72,10; Jes 60,6 12Og Gud varsla dei i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt. 13Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: Statt upp, tak barnet og mori og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det. 14Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland, 15og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: Or Egyptarland kalla eg son min.#Hos 11,1; 2 Mos 4,22 16Då Herodes såg at vismennene hadde havt han til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennene. 17Då vart det sanna det som Jeremias, profeten, hev tala, når han segjer:#Jer 31,15 18Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og stor øying; Rakel gret for borni sine og ansa ikkje trøystarord, for dei er ikkje lenger til. 19Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer: 20Statt upp, tak barnet og mori og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.#2 Mos 4,19 21So stod han upp og tok barnet og mori og for til Israelslandet. 22Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sa til han i draume, og for burt til Galileabygdene, 23og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetane, at han skulde kallast nasarear.#Luk 2,39

Currently Selected:

Matteus 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in