Matteus 21
21
Jesus rid inn i Jerusalem, 1-11, reinsar templet, 12-17, bannar det fruktlause fiketreet, 18-22, vert spurd um sin rett, 23-27, set fram likningane um dei tvo sønene, 28-32, og um vingardsmennene, 33-44. Øvsteprestane og farisearane freistar å gripa han, 45.46.
1Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sa til dei:#Mark 11,1-11; Luk 19,29-40; Joh 12,12-19 2Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg. 3Og er det nokon som talar til dykk, so seg: Herren treng um dei; då sender han dei hit med ein gong. 4Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: 5Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg; smålåten rid han på eit asen, folen åt eit kløvdyr.#Jes 62,11; Sak 9,9 6Læresveinane gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt. 7Dei henta asna og folen, og la kjolane sine på dei, og so sette han seg uppå. 8Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre hogg greiner av trei og strådde på vegen. 9Og folkehopane som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!#Sal 118,25-26; Matt 23,39 10Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: Kven er dette? 11Og folkehopane svara: Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilea.#Matt 2,23 12So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkane åt dei som selde duvor,#Mark 11,15-19; Luk 19,45-46; Joh 2,14-22 13og sa til dei: Det stend skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til eit røvarbol.#Jes 56,7; Jer 7,11 14I templet kom det blinde og halte til han, og han gjorde dei gode att. 15Men då øvsteprestane og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: Hosianna Davids son! so vart dei arge og sa til han: 16Høyrer du kva desse segjer? Ja! svara han. Hev de aldri lese: Av munnen på småborn og sogborn hev du laga deg lovsong?#Sal 8,3 17So gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania, og var der med natti. 18Då han gjekk inn til byen att um morgonen, vart han svolten.#Mark 11,12-14.20-26 19Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann ikkje anna på treet enn lauv. Då sa han til det: Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir. Og straks turka fiketreet.#Luk 13,6-9 20Då læresveinane såg det, undra dei seg og sa: Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått? 21Jesus svara: Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! so skal det verta so.#Matt 17,20; Luk 17,6 22Og alt de bed um, skal de få, so sant de trur.#Matt 7,7-8 23So gjekk han inn i templet, og medan han lærde folket, kom øvsteprestane og styresmennene for lyden burt til han og sa: Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?#Mark 11,27-33; Luk 20,1-8; Joh 1,19-34; Apg 4,7 24Jesus svara: No vil eg og spyrja dykk um ein ting; svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette. 25Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneske? Då la dei yver med seg sjølve og sa: Svarar me: Frå himmelen, so segjer han: Kvi trudde de han då ikkje? 26Og svarar me: Frå menneske, då må me reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.#Matt 14,5 27So svara dei: Det veit me ikkje. - Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette, svara Jesus. 28Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sa: Gakk burt i vingarden og arbeid der i dag, son min! 29Nei, eg vil ikkje, svara han, men sidan angra han på det og gjekk. 30So kom faren til den andre og sa det same til han. Ja, herre, det skal eg, svara han, men han gjekk ikkje. 31Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde? Den fyrste, svara dei. Då sa Jesus til dei: Det segjer eg dykk for sant: Tollmenn og skjøkjor kjem fyrr inn i Guds rike enn de.#Luk 7,29-30 32For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde han ikkje. Tollmennene og skjøkjone dei trudde han; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde han ikkje då heller.#Luk 3,12 33Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbond som laga ein vingard og sette gjerde kringum og stelte til ei vinpersa og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet.#Mark 12,1-12; Luk 20,9-19; Jes 5,1-7 34Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinane sine til brukarane etter avlingi han skulde hava. 35Men brukarane greip sveinane hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei. 36So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med dei. 37Sist so sende han son sin til dei og sa: Dei hev no vel age for son min! 38Men då brukarane såg sonen, sa dei seg imillom: Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå han i hel og eigna til oss arven hans!#Hebr 1,2 39So tok dei han og støytte han ut or vingarden og slo han i hel.#Hebr 13,12 40Når no vingardseigaren kjem, kva skal han då gjera med desse brukarane? 41Med vondt skal han løna desse vonde mennene, svara dei; han skal gjera ende på dei, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid. 42Då sa Jesus til dei: Hev de aldri lese i skriftene: Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under.#Sal 118,22-23 43Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer til der.#Matt 8,11-12; Apg 13,46 44Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust. 45Då øvsteprestane og farisearane høyrde likningane hans, skyna dei at det var dei han tala um. 46Og dei tenkte på å gripa han, men torde ikkje for folket; for dei heldt han for ein profet.#Matt 21,26; Luk 7,16; Joh 7,40
Currently Selected:
Matteus 21: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2