YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 22

22
Jesus set fram likningi um kongssonsbrudlaupet, 1-14, talar um å gjeva keisaren skatt, 15-22, um uppstoda, 23-33, um det største bodet i lovi, 34-40, um Messias som Davids son og Davids herre, 41-46.
1So tok Jesus til ords att og sa dei ei onnor likning: 2Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde brudlaup åt son sin.#Luk 14,16-24; Op 19,7.9 3Han sende ut sveinane sine og kalla dei som var bedne til brudlaups; men dei vilde ikkje koma. 4So sende han andre sveinar og sa: Seg til dei som er bedne: No hev eg stelt til brudlaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slakta, og alt er ferdigt. Kom no til brudlaups!#Ordt 9,2-6 5Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambui si; 6og dei hine greip sveinane hans og svivyrde dei og slo dei i hel. 7Då vart kongen harm. Han sende ut herane sine og gjorde ende på dråpsmennene og brende upp byen deira.#Luk 19,43 8So sa han til sveinane sine: Alt er ferdigt til brudlaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til brudlaups alle dei de finn! 10So gjekk sveinane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og brudlaupsstova vart full av gjester. 11Då so kongen kom inn og vilde sjå gjestene, vart han var ein som ikkje var brudlaupsklædd.#Ef 4,24; Op 19,8 12Han segjer til han: Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje brudlaupsklædd? Men han kunde ingen ting svara. 13Då sa kongen til bordsveinane: Bitt hender og føter på han og kasta han ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!#Matt 8,12; 25,30; 13,42; 24,51 14For mange er kalla, men få er utvalde.#Matt 20,16 15Då gjekk farisearane burt og la råd um korleis dei skulde få fanga han i ord.#Mark 12,13-17; Luk 20,20-26 16Dei sende læresveinane sine til han i lag med Herodes-mennene og let dei segja: Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk. 17Seg oss no: Kva meiner du? er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? 18Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sa: Kvi freistar de meg, hyklarar? 19Lat meg sjå skattemynti! So flidde dei han ein sylvpening. 20Kva er dette for eit bilete og namn? spurde han. 21Det er keisarens, svara dei. Då sa han til dei: So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!#Rom 13,7 22Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå han. 23Same dagen kom det nokre saddusearar til han - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - og dei tok til å spyrja han og sa:#Mark 12,18-27; Luk 20,27-38 24Meister, Moses hev sagt: Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.#5 Mos 25,5 25No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren. 26Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande. 27Etter dei alle døydde kona. 28Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle. 29Jesus svara: De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og ikkje Guds makt. 30For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen. 31Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ikkje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:#2 Mos 3,6.15-16 32Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei levande. 33Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.#Matt 7,28 34So snøgt som farisearane fekk høyra at han hadde målbunde saddusearane, samla dei seg kringum han,#Mark 12,28-34 35og ein av dei, som var kunnig i lovi, vilde freista han og spurde: 36Meister, kva bod er det største i lovi? 37Han svara: Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit.#5 Mos 6,5; Luk 10,27 38Det er det største og fyrste bodet. 39Men det er eit anna som er like stort, og det er: Du skal elska næsten din som deg sjølv.#3 Mos 19,18; Rom 13,9; Gal 5,14 40På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetane. 41Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei åt:#Mark 12,35-37; Luk 20,41-44 42Kva trur de um Messias? Kven er han son åt? - Åt David, svara dei. 43Då sa han: Korleis kann då David i Anden kalla han herre, når han segjer:#Sal 110,1; Apg 2,34; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13; 10,12-13 44Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar under føtene dine! 45Kallar no David han herre, korleis kann han då vera son hans? 46Men ingen kunde svara han eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til han.

Currently Selected:

Matteus 22: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in