YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 4

4
På domsdagen skal dei ugudlege verta tynte, medan rettferdssoli (i Messias) skal renna for dei gudlege og lækja dei, 1-3. Til slutt manar profeten folket til å leggja seg Moselovi på hjarta og halda fast ved henne, og forkynner at Herren fyrr den store domen kjem, skal senda ein ny Elias (døyparen Johannes), som med preika si skal umvenda mange av folket, so landet kann sleppa å ganga til grunns, 4-6.
1For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna dei upp, segjer Herren, allhers Gud, so ikkje vert att av dei anten rot eller grein.#Mal 3,15.17 2Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom under vengene sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.#Mal 3,16; Sal 72,2-16; Jes 11,4-5; Luk 1,78 3Og de skal trakka ned dei gudlause, for dei skal vera som oska under føtene dykkar, på den dagen som eg skaper, segjer Herren, allhers Gud.#Mal 3,17 4Kom i hug lovi åt Moses, tenaren min, som eg gav han på Horeb for heile Israel, både lover og bod!#2 Mos 20,1-17 5Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, fyrr Herrens dag kjem, den store og skræmelege.#Mal 3,1; Matt 11,14; 17,12-13; Mark 9,11-13; Luk 1,17 6Han skal venda fedrehjarto til borni og barnehjarto til federne, so eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.#Luk 1,16-17

Currently Selected:

Malaki 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in