YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 3

3
Herren forkynner dei som spør etter Guds dom, at han skal senda sitt bod (døyparen Johannes), som skal rydja vegen for han, og at han sjølv, Herren, paktengelen (Messias), so brått skal koma og halda dom; han skal skilja hyklarane frå dei rettvise og reinsa dei siste, so dei atter kann bera hugnadlege offer fram for han; han vil straffa alle ugudlege, 1-6. Herren manar folket til venda um og syna dette med di dei ærleg kjem med tiendi og dei heilage gåvone; då vil han rikleg velsigna dei, 7-12. Han lastar dei ugudlege, som spottar og segjer at det er fåfengt å tena han, og lovar dei gudlege at han vil spara dei i domen som kjem, 13-18.
1Sjå, eg sender mitt bod, og han skal brøyta veg for meg; og brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter, paktengelen som de stundar på; sjå, han kjem, segjer Herren, allhers Gud.#Mal 4,5; Matt 11,10; Jes 40,3-5; Hag 2,9; 2 Mos 23,20-33 2Men kven kann herda den dagen han kjem, og kven kann standa når han syner seg? For han er som smeltar-eld og tvættar-lut.#Joel 2,11 3Han skal sitja og smelta og reinsa sylvet, og han skal reinsa Levi-borni og skira dei som gull og sylv, so dei kann bera fram for Herren offergåvor i rettferd.#Sak 13,9 4Då vert offergåvone i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren, som i gamle dagar og i framfarne år.#Rom 12,1; Hebr 13,16 5Eg skal koma til dykk og halda dom og vera eit snøgt vitne mot dei som fer med trolldom, som er utru mot maken sin, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den farlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers Gud.#5 Mos 24,14.17; 27,19 6For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje tynte.#4 Mos 23,19; 1 Sam 15,29; Tit 1,2; Jer 30,11 7Alt ifrå fedre-dagane hev de vike av frå lovene mine og ikkje halde dei. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud. Og de spør: Kva skal me venda um ifrå?#Sak 1,3 8Skal eit menneske rana frå Gud, sidan de ranar frå meg? Og de spør: Kva hev me rana frå deg? Jau, tiendi og reidone.#3 Mos 27,30-33; 7,32-36 9Forbanningi hev råma dykk, og frå meg ranar de, ja heile folket.#5 Mos 28,15-68 10Kom med heile tiendi til forrådshuset, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers Gud, um eg ikkje let upp himmel-lukone åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål!#2 Kong 7,2.19 11Eg skal truga etaren for dykkar skuld, so han ikkje tyner grøda på jordi for dykk, og ikkje heller skal de hava vanheppa med vintreet på marki, segjer Herren, allhers Gud.#3,11 etaren grashoppen. 12Alle folki skal prisa dykk sæle; for då skal landet dykkar vera eit herleg land, segjer Herren, allhers Gud. 13De hev bruka sterke ord imot meg, segjer Herren. Og de spør: Kva hev me sagt oss imillom imot deg?#Mal 2,17 14Jau, de hev sagt: Det er fåfengt å tena Gud. Kva bate hev me havt av at me akta på hans krav og gjekk syrgjeklædde for Herren, allhers Gud?#Sal 73,13 15Nei, no prisar me dei ovmodige sæle; ikkje berre trivst dei vel dei som lever i gudløysa, men dei hev freista Gud og like vel sloppe vel ifrå det.#Mal 4,1; Job 21,7; Sal 28,5 16Då tala dei med kvarandre dei som ottast Herren, og Herren lydde på og høyrde det, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn um dei som ottast Herren og tenkjer på hans namn.#Nah 1,7; Sal 1,6; 2 Tim 2,19; Est 6,1; Sal 56,9; Mal 4,2 17Og dei skal vera min eigedom, segjer Herren, allhers Gud, på den dagen som eg skaper, og eg skal spara dei, liksom ein mann sparer son sin som tener han.#Mal 4,1.3; Sal 103,13 18Då skal de atter sjå skil på den rettferdige og den gudlause, den som tener Gud, og den som ikkje tener han.#Jes 3,10-11

Currently Selected:

Malaki 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in