YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 2

2
Profeten refser prestane for di dei ikkje fer ærleg fram som federne deira gjorde, og hev brote den pakti Herren gjorde med Levi, og trugar dei med hard straff dersom dei ikkje vender um og ærar Herrens namn, 1-9; han forkynner og Herrens straff yver dei som skyt frå seg sine israelitiske konor og gifter seg med heidne kvinnor, 10-16, og refser dei som skuldar Gud for urettferd og spør etter Guds dom, 17.
1Og no kjem dette bodet til dykk, prestar: 2Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk det på hjarta, so de gjev mitt namn æra, segjer Herren, allhers Gud, so sender eg forbanningi mot dykk og forbannar velsigningane dykkar; ja, eg hev alt forbanna dei, av di de ikkje legg det på hjarta.#5 Mos 28,15-66; Mal 1,6-8#2,2 det 1,6fg. 3Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andletet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer; og dei skal kasta dykk sjølve uppi møki.#Am 5,21; 2 Mos 29,14#2,3 høgtidsoffer 2 Mos. 29,14. Am. 5,21. 4Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers Gud. 5Den pakti eg hadde med han, lova honom liv og lukka; det gav eg han so han skulde ottast meg, og han ottast meg og skalv for mitt namn.#4 Mos 3,6-10; 25,12; 5 Mos 33,8-25 6Sannings lov var i hans munn, og det fanst ikkje urett på lippone hans; fredsamt og ærleg ferdast han med meg, og han vende mange burt ifrå misgjerd. 7For prestelippor skal gøyma på kunnskap, lovlæra ventar me av munnen hans; for han er sendebod frå Herren, allhers Gud.#5 Mos 33,10; Hag 1,13; Op 1,20 8Men de hev vike av frå vegen og fenge mange til å snåva i lovi; de hev skjemt ut Levi-pakti, segjer Herren, allhers Gud.#Matt 15,14 9Difor hev eg gjort dykk vanvyrde og nedsedde for alt folket, av di de ikkje aktar på mine vegar, men gjer skil på folk for lovi.#5 Mos 1,17; Sal 82,2-7; 1 Sam 2,30#2,9 lovi d. e. når de skal døma etter lovi; 5 Mos. 1,17. Salm. 82,2fg. 10Hev ikkje me EIN far alle saman? Hev ikkje EIN Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?#5 Mos 32,6; Ef 4,6 11Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med døtterne åt ein framande gud.#5 Mos 7,3-5; Esra 9,1-4; Neh 10,30; 13,23-31 12Hjå den mannen som gjer slikt, skal Herren rydja ut or Jakobs tjeldbuer kvar levande sjel, og den som ber fram offergåvor til Herren, allhers Gud! 13Og endå ein ting til gjer de: Yver Herrens altar legg de tåror og gråt og sukkar, so han ikkje ser på offergåva meir eller med hugnad tek imot noko av dykkar hand.#Mal 1,10#2,13 sukkar d. e. frå dei burtstøytte konone.#2,13 hand 1,10. 14Og de spør: Korleis då? Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdoms-viv, henne som du hev vore utru imot, endå ho er ektemaken din og kona di som du hev gjort pakt med.#Ordt 2,17 15Men hev ikkje EIN gjort det og endå fenge leva? Men kva gjorde han, denne eine? Han vilde hava den ætti som Gud hadde lova han; men de skal taka vare på dykkar liv, og mot ditt ungdoms-viv må du ikkje vera utru!#1 Mos 15,4-6; 16,2.4-6; Jes 51,2; Esek 33,24#2,15 EIN Abraham; 1 Mos. 16,4fg. Es. 51,2. Esek. 33,24.#2,15 han 1 Mos. 15,4fg.; 16,2. 16For eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers Gud. So tak då vare på dykkar liv og ver ikkje utrue!#Matt 19,7-12 17De hev trøytta Herren med dykkar ord, og de spør: Korleis hev me trøytta han? Jau, de segjer: Kvar den som gjer vondt, er god i Herrens augo, og han hev hugnad i slike folk, eller: Kvar er Gud, han som dømer?#Mal 3,13-14

Currently Selected:

Malaki 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in