Johannes 21
21
Jesus syner seg tridje gongen etter si uppstoda for læresveinane sine, 1-23. Etterord, 24.25.
1Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og gjekk soleis til:#Joh 6,1 2Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus - og Natanael - han frå Kana i Galilea - og Sebedeus-sønene og tvo andre av læresveinane var der i hop.#Joh 20,24; 1,46-52; Luk 5,10#21,2 Didymus 11,16. 3Då segjer Simon Peter til dei: Eg vil av og fiska. - Me vil og vera med, segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei ikkje noko.#Luk 5,4-11 4I det belet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinane visste ikkje at det var han.#Joh 20,14 5Jesus sa til dei: De hev vel ikkje noko fisk, born? Nei, svara dei. 6Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk, sa han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der. 7Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: Det er Herren! Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, batt han kjolen um seg - for han var naken - og kasta seg i sjøen. 8Og dei andre læresveinane kom med båten, og drog garnet med fiskane etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag. 9Då dei steig i land, ser dei ein glohaug som ligg der med fisk på og brød. 10Kom hit med noko av den fisken de fekk! segjer Jesus. 11Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund. 12Kom hit og et morgonverden! segjer Jesus. Ingen av læresveinane våga å spyrja han: Kven er du? dei visste det var Herren. 13Då kom Jesus og tok brødet og gav dei, og like eins fisken. 14Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stade upp frå dei daude. 15Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse? - Ja, Herre, svarar han; du veit at eg held av deg. - Fød lambi mine! segjer Jesus.#Matt 26,33 16So segjer han til han att, andre gongen: Simon Johannesson, elskar du meg? Han svarar: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Gjæt sauene mine! segjer Jesus. 17So segjer han til han tridje gongen: Simon Johannesson, held du av meg? Peter tykte det leidt at han spurde han tridje gongen: Held du av meg? Han svara: Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg. Jesus segjer til han: Fød sauene mine! 18Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv beltet um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamal, skal du retta ut hendene dine, og ein annan skal binda beltet um deg og føra deg dit du ikkje vil.#2 Pet 1,14 19Det sa han for å vitra um kva slag daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til han: Fylg meg! 20Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed han då dei heldt nattverd, og spurt: Herre, kven er den som svik deg?#Joh 13,23-25 21Då Peter såg han, segjer han til Jesus: Herre, korleis skal det so ganga han? 22Jesus svarar: Um eg vil at han skal leva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg! 23Soleis kom det ordet ut bland brørne: Den læresveinen døyr ikkje. Men Jesus sa ikkje til han at han ikkje skulde døy; det han sa, var: Um eg vil at han skal leva til eg kjem, kva hev so du med det? 24Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at hans vitnemål er sant.#Joh 19,35 25Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi kunde røma dei bøkene som då laut skrivast.#Joh 20,30
Currently Selected:
Johannes 21: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2