YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 20

20
Jesus stend upp, 1-10; den uppstadne syner seg for Maria Magdalena, 11-18; for apostlane, so nær som Tomas, 19-25, og for alle apostlane, 26-29. Johannes segjer kvifor han hev skrive dette evangeliet, 30.31.
1Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi og ser at steinen er teken burt frå gravi.#Matt 28,1-10; Mark 16,1-8; Luk 24,1-12 2Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til dei: Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt han. 3Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til gravi.#Luk 24,12 4Dei sprang båe saman, so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi. 5Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindane låg der; men han gjekk ikkje inn. 6So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindane som låg der; 7men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindane, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop. 8Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde. 9For dei skyna endå ikkje Skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude. 10So gjekk læresveinane heim att. 11Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi, 12fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føtene, der lekamen åt Jesu hadde lege. 13Dei segjer til henne: Kvi græt du, kvinna. Ho svarar: For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt han. 14Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der; men ho visste ikkje at det var han.#Mark 16,9 15Jesus segjer til henne: Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter? Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til han: Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt han; då vil eg henta han. 16Maria! segjer Jesus. Då snur ho seg og segjer til han på hebraisk: Rabbuni! det er på vårt mål: Meister! 17Kom ikkje nær meg! segjer Jesus; for endå hev eg ikkje fare upp til Faderen. Men gakk til brørne mine og seg dei frå meg: No fer eg upp til han som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud! 18Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinane: Eg hev set Herren, og at han hadde sagt dette til henne.#Mark 16,10 19Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørene var stengde der læresveinane var, av di dei var redde jødane, kom Jesus og stod midt ibland dei og segjer: Fred vere med dykk!#Luk 24,36-43; 1 Kor 15,5 20Og då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21Og han sa endå ein gong: Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.#Joh 17,18 22Med desse ordi anda han på dei og segjer: Tak imot den Heilage Ande! 23Tilgjev de nokon syndene deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.#Matt 16,19; 18,18 24Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med dei då Jesus kom.#20,24 Didymus 11,16. 25So sa dei andre læresveinane til han: Me hev set Herren! Han svara: Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i hendene hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans. 26Åtte dagar etter var læresveinane hans inne att, og Tomas var med dei. Dørene var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland dei og sa: Fred vere med dykk! 27So segjer han til Tomas: Kom hit med fingeren din, og sjå på hendene mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande! 28Min Herre og min Gud! svara Tomas. 29Jesus segjer til han: Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!#1 Pet 1,8 30Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinane sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.#Joh 21,25 31Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur, skal hava liv i hans namn.#1 Joh 5,13

Currently Selected:

Johannes 20: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in