YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 52

52
Herren lovar folket sitt at han vil fria det frå det tunge åket som det babylonske heimsriket legg på det, og vara Jerusalem so det ikkje i framtidi skal verta vanhelga av heidningane, 1-6. Fagnadsbodet um frelsa og fred skal verta forkynt for Herrens by ved sendebodi hans, som dei skal taka imot med gleda og fagnad, 7-10. Guds folk skal draga ut or Babel og vara seg for all ureinskap, 11.12. Messias, Herrens tenar, skal etter si nedring få ei høgd og ein herlegdom som skal vekkja stor undring hjå mange heidne folk og kongar, 13-15.
1Vakna, vakna, klæd deg i styrke, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma inn i deg ein u-umskoren eller urein.#Jes 51,17; Op 21,27 2Rist av deg dusti og reis deg, og kom deg til sætes, Jerusalem! Løys deg frå lekkjone um din hals, du fanga Sionsdotter!#Jes 49,9 3For so segjer Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar skal de verta utløyste. 4Ja, so segjer Herren, Israels Gud: I si fyrste tid drog folket mitt ned til Egyptarland og vilde vera gjester der, og sidan var Assur hard imot det utan nokon rett.#1 Mos 46,6; 2 Kong 17,5-6; 18,9-16 5Og no, kva skal eg vel gjera her? segjer Herren; for dei hev ført folket mitt burt for inkje, valdsherrane uler, segjer Herren, og heile utlange dagen vert namnet mitt spotta.#Esek 36,23; 20,9; 4 Mos 14,15-16; Rom 2,24 6Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som segjer: Sjå, her er eg. 7Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: Din Gud er no konge!#Nah 2,1; Rom 10,15; 2 Kor 5,20; Jes 57,19; Sal 96,10 8Høyr! Dine vaktmenner ropar, dei jublar alle i hop; for beint for sine augo ser dei at Herren kjem heim att til Sion.#Jes 62,6; 52,12 9Set i og jubla alle saman, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, han løyser ut Jerusalem.#Jes 40,1 10Herren nækjer sin heilage arm for augo på alle folki, og alle utbygder på jordi fær sjå frelsa frå vår Gud.#Jes 53,1; Sal 98,3 11Burt, burt! Drag ut derifrå! Ikkje rør noko ureint! Drag ut derifrå! Reinsa dykk, de som ber Herrens kjerald!#Jes 48,20; 2 Kor 6,17#52,11 derifrå frå Babel. 12For de tarv ikkje skunda dykk ut og ikkje røma når de fer; for Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi.#2 Mos 12,11; 5 Mos 16,3 13Sjå, min tenar skal fara visleg fram; han skal stiga og veksa og verta ovleg stor.#Fil 2,9-11 14Liksom mange vart forfærde for hans skuld - so skamførd var han at han såg ikkje ut som eit menneske og var ikkje på skapnad som andre mannsborn -#Jes 53,3 15so skal han få mange folkeslag til å fara upp, for han skal kongar lata munnen att; for dei hev set det som ikkje var fortalt dei, og dei hev gått det som dei aldri hadde høyrt.#Mi 7,16; Rom 15,21#52,15 upp av undring.

Currently Selected:

Jesaja 52: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in