YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 50

50
Visst hev Herren no støytt burt folket sitt for di det hev synda; men han, den Allmektige, både kann og vil sjå til det att og frelsa det, 1-3. Messias vitnar um at han i viljug lydnad hev fylgt Herrens kall, forkynt ordet hans og tolt liding og vanæra i fast tiltru til han, og trøystar seg med at han vil hjelpa han framleides og tyna alle fiendane hans, 4-9; han manar dei gudlege til å lita fast på Herren i naud og freisting og forkynner dei ugudlege at dei berre vil valda seg sjølve undergang, 10.11.
1So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt mor dykkar, som eg hev sendt henne burt med? Eller kven av mine kravsmenner hev eg selt dykk til? Nei, for syndene dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.#5 Mos 24,1.4; Jer 3,1.8; 2 Kong 4,1; Matt 18,25; Jer 2,19 2Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, eller hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvane gjer eg til øydemark, so fiskane rotnar av di vatnet er burte, og daudar av torste;#4 Mos 11,23; Jes 59,1; 2 Mos 14,22; Jes 42,15; 51,10 3eg klæder himmelen i svart og sveiper han i syrgjebunad.#Jes 13,10; 2 Mos 10,22; Matt 24,29; 27,45; Op 6,12 4Herren, Israels Gud hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med mitt ord; han vekkjer mitt øyra kvar morgon, han vekkjer det so eg skal høyra på læresveins vis.#Joh 8,28; 6,68; 7,46; Matt 7,28-29 5Herren, Israels Gud hev opna mitt øyra, og eg var ikkje strid, eg drog meg ikkje undan.#Sal 40,9 6Min rygg baud eg fram åt dei som slo, og kinni åt dei som reiv meg i skjegget; eg løynde ikkje mitt andlet for hæding og sputt.#Matt 26,67; Luk 22,63-71 7Men Herren, Israels Gud vil hjelpa meg; difor vert eg ikkje til skammar, difor hev eg gjort andletet hardt som stein, og eg veit at eg vert ikkje sviken. 8Han som hjelper meg til min rett, er nær; kven vil strida mot meg? Kom, lat oss berre møtast! Er nokon min motpart, so lat han koma hit til meg!#Rom 8,33 9Sjå, Herren, Israels Gud, vil hjelpa meg; Kven er det som vil domfella meg? Sjå, alle skal dei eldast som eit klædeplagg, mòl skal eta dei upp.#Rom 8,34; Sal 102,27; Jes 51,6.8 10Kven er det av dykk som ottast Herren og høyrer på røysti åt tenaren hans? Når han ferdast i myrker og ikkje ser minste ljos, skal han lita på Herrens namn og stydja seg på sin Gud!#Sal 25,12-22; Jer 25,4; Dan 9,6; Klag 3,2.6 11Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler - inn med dykk i logen av elden dykkar og millom dei brandpiler de hev kveikt! - Frå mi hand skal det koma yver dykk; i pinsla skal de få liggja.#Jes 1,31

Currently Selected:

Jesaja 50: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Free Reading Plans and Devotionals related to Jesaja 50

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy