YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 49

49
Messias, som er kalla og budd til å vera Herrens tenar, men fåfengt hev arbeidt ibland Israel og vorte vanvyrd og ille medfaren, skal ikkje berre attreisa Israel, men og vera ljos for heidningane og frelsar for verdi og verta høgt upphøgd og æra, 1-7. Han skal løysa ut Guds folk, og under Guds varetekt skal det samlast frå alle land på jordi, so himmel og jord skal fegnast, 8-13. Sion skal sanna at Herren ikkje hev gløymt det, men at han med meir enn morskjærleik miskunnar det og gjer det folkerikt og herleg, 14-23. Israel, som er fanga, skal verta fria or fiendevald, og fiendane skal få si straff, 24-26.
1De øyland, høyr på meg, og lyd etter, de folk langt burte! Herren hev kalla meg frå morslivet, han hev nemnt mitt namn frå morsfanget.#Jer 1,5; Luk 1,30-38 2Han hev gjort min munn til eit kvast sverd og gøymt meg i skuggen av si hand; han hev gjort meg til ei blank pil og gøymt meg i pilehuset sitt.#Op 1,16; 2,12.16; 19,15.21; Hebr 4,12; Jes 51,16 3Og han sa til meg: Du er min tenar, du er Israel, som eg vil syna min herlegdom på.#Jes 42,1; 44,23; Joh 17,4 4Men eg sa: Til fåfengs hev eg streva meg trøytt, og til unyttes reint hev eg øydt mi kraft; men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud. 5Og no segjer Herren, som frå morslivet hev laga meg til sin tenar, til å føra Jakob attende til han og samla Israel for han - og eg er gjæv i Herrens augo, og min Gud hev vorte min styrke - 6han segjer: Det er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og føra heim att den frelste leivningen av Israel; so vil eg gjera deg til ljos for heidningane, so mi frelsa kann nå til enden av jordi.#Jes 42,6; 45,22; 60,3; Hag 2,7; Apg 13,47; Luk 2,32 7So segjer Herren, Israels utløysar, Israels Heilage, til han som kvar sjel vanvyrder, til han som folk hev stygg for, til han som er træl under valdsherrar: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar skal sjå det og kasta seg ned, for Herrens skuld, som er trufast, Israels Heilage, som valde deg ut.#Jes 43,14; 53,3; 52,14-15 8So segjer Herren: I den tid som meg tekkjest, bønhøyrer eg deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg vil vara deg og gjera deg til ei pakt for folket, so du skal attreisa landet og skifta ut øydelagd odelsgrunn#2 Kor 6,2; Jes 42,6; Luk 4,18-19 9og segja til fangane: Gakk ut! - til dei som er i myrkret: Kom fram! Attmed vegane skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beitemark.#Jes 61,1 10Dei skal ikkje svelta og ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod eller solsteik skada dei; for han som miskunnar dei, skal føra dei og leida dei til uppkomevatn,#Op 7,16-17; Sal 121,6; 23,2 11og alle mine fjell vil eg gjera til vegar, og mine rudde vegar skal byggjast høgre. 12Sjå, dei kjem langt burtanfrå, sume frå nord og sume frå vest og sume frå Sinimslandet.#Jes 43,6; 60,4 13Jubla, de himlar, og fegnast, du jord! De fjell, set i med gledesong! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingane sine.#Jes 44,23; Sal 69,35; 96,11; 98,4; Op 12,12 14Sion sa: Herren hev forlate meg, Herren hev gløymt meg.#Sal 13,2; 42,10; Jes 60,15; 62,4; Jer 8,19-22 15Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer ikkje eg deg.#1 Kong 3,26; Sal 9,13 16Sjå her, eg hev teikna deg i hendene mine, murane dine hev eg alltid for augo. 17Borni dine skundar seg hit; dei som braut deg i grus, skal fara burt frå deg. 18Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg, dei kjem til deg. So visst som eg lever, segjer Herren, du skal hava dei alle på deg til prydnad og binda dei um deg liksom bruri;#Jes 60,4 19for ruinane dine og grushaugane og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som vilde tyna deg. 20Endå skal du få høyra borni frå barnløyse-tidi segja: Romet er meg for trongt; flyt deg, so eg kann få bu her!#Jes 54,1-10 21Då tenkjer du med deg sjølv: Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til barneign, utlæg og burtjaga. Og kven hev fostra desse? Eg sat eismal att. Kvar var då dei? 22So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg vil lyfta mi hand til heidningane og reisa mitt merke for folkeslagi; so kjem dei med sønene dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.#Jes 13,2; 62,10; Jer 50,2 23Kongar skal vera fosterfeder for deg, og deira dronningar ammor åt deg; dei skal kasta seg å gruve på jordi for deg og slikka moldi av føtene dine; då fær du røyna at eg er Herren, og at dei ikkje vert svikne som vonar på meg.#Sal 72,9; Jes 60,14.16; Mi 7,17; Sal 2,12; 25,3; Jes 40,31; 45,17; Rom 9,33 24Kann ein taka herfanget frå ei kjempa, eller kann fangane sleppa frå den som dei høyrer til med retten?#Jer 25,9; 27,5-8#49,24 retten Jer. 25,9; 27,5-8. 25Ja! For so segjer Herren: Både skal dei taka fangane frå kjempa, og herfanget åt valdsmannen skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa borni dine.#Luk 11,22; Sal 35,1; Jes 47,6 26Eg vil lata dine trælkarar eta sitt eige kjøt, og av sitt eige blod skal dei verta drukne som av druvesaft; og alt kjøt skal kjenna at eg, Herren, er frelsaren din, og Jakobs Veldige, din utløysar.#Jes 51,23; 37,20; Esek 21,5; 38,23

Currently Selected:

Jesaja 49: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in