YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 48

48
Israel, som tilbed Herren, um ikkje med ærleg hug, skal høyra på det han vil segja det, etter di det er hans folk, 1.2. Han hev lenge fyreåt varsla kva som skulde koma, og so late det henda brått, so dei ikkje skulde segja det var avgudane som gjorde det, og han forkynner dei no noko nytt, so dei ikkje skal segja at dei veit det fyrr; for dei er eit hardt og svikfullt folk; berre for si eigi æra skuld er det han ikkje hev tynt dei, men vil halda sine lovnader, 3-11. Israel skal vita at det er han og ingen avgud som alt for lenge sidan hev varsla og sett i verk det som no er hendt og endå skal henda, at Kyros sigrar og gjer ende på Babel. No hev han sendt profeten sin med ein ny bodskap, 12-16. Gjev Israel vilde lyda på Herrens ord! Då skulde det få rik signing, 17-19. Herren vil i nåde føra det ut or Babel og vel igjenom øydemarki; men for dei ugudlege finst det ingen fred, 20-22.
1Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og prisar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!#Jer 4,2 2For dei kallar seg etter den heilage byen, og dei lit på Israels Gud, han som heiter Herren, allhers Gud.#48,2 Gud Mika 3,11. 3Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde dei; brått sette eg dei i verk, og dei kom.#Mi 3,11#48,3 hendingar Es. 46,9.10. 4For di eg visste at du er hard, at nakken din er ei jarnsén, og panna di av kopar,#Jes 46,9-10 5So forkynte eg deg det for lenge sidan, kunngjorde deg det fyrr det kom, so du ikkje skulde segja: Gudebiletet mitt hev gjort det, mitt utskorne eller støypte bilete hev laga det so.#2 Mos 32,9; 2 Kong 17,14; Jer 5,3; 6,28; Esek 2,4; 3,7; Sak 7,12; Apg 7,51 6Du hev høyrt det; no kann du sjå det alt i hop! Og de, må de ikkje sanna det? No heretter kunngjer eg deg noko nytt, dulde ting, som du ikkje hev visst um. 7No fyrst er det skapt og ikkje fyrr, og du hadde ikkje høyrt det fyrr i dag, so du ikkje skulde segja: Det visste eg! 8Du hev korkje høyrt eller visst det eller fyrr fenge øyra upp for det; for eg visste at du er utru og hev heitt «fråfallen» frå morslivet.#Jes 48,1.4 9For mitt namn skuld er eg tolug, og for mi æra skuld tøymer eg meg og sparer deg, so du ikkje skal verta utrudd. 10Sjå, eg reinsar deg, men ikkje som sylv, eg prøver deg i lidings-omnen.#Sal 12,7; Ordt 17,3; 1 Pet 1,7#48,10 sylv ikkje so strengt som sylv.#48,10 lidings-omnen d. e. med harde refsingar, men ikkje so at eg ryd deg ut. 11For mi skuld, for mi skuld gjer eg det; for kor skulde eg tola at namnet mitt vert vanhelga? Og mi æra gjev eg ingen annan.#4 Mos 14,15-16; 5 Mos 9,28; Jes 42,8 12Høyr på meg, Jakob, og du Israel, som eg hev kalla! Eg er Gud, eg er den fyrste, og eg er den siste med.#Jes 41,4 13Mi hand hev og grunnfest jordi, og mi høgre hand spana himmelen ut; so snart eg kallar på dei, stend dei der båe.#Jes 40,12.28; 44,24; Sal 33,9; 119,91 14Kom saman alle og høyr: Kven av dei hev kunngjort dette? - Han som Herren elskar, skal fullføra hans vilje mot Babel og syna hans makt mot kaldearfolket.#Jes 44,28#48,14 dei avgudane.#48,14 elskar Kyros. 15Eg, eg hev tala; eg hev og kalla han, eg hev late han koma, og han hev lukka på ferdi. 16Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet hev eg ikkje tala i løyndom; frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Israels Gud, sendt meg og sin Ande.#Jes 45,19; Joh 18,20#48,16 der frå den tid spådomane tok til å verta uppfyllte, var eg med i det.#48,16 meg d. e. profeten. 17So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg å gjera det som er deg til gagn, som leider deg på vegen du skal ganga.#Jes 41,14; 43,14; Sal 25,12; 32,8 18Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi, og di rettferd som havsens bylgjor; 19då vart di ætt som sanden, og di livsfrukt som sandkorni; ættenamnet vart aldri utrudt eller utsletta for mi åsyn.#1 Mos 22,17; 28,14; 32,12; 1 Kong 4,20 20Drag ut or Babel, fly frå kaldearane! Forkynn dette, fortel det med fagnadrop, spreid det ut til verdsens ende, seg: Herren hev løyst ut sin tenar, Jakob!#Jes 52,11; Jer 50,8; 51,6.45; Sak 2,11; Op 18,4 21Dei tyrstar ikkje; gjenom øydemark fører han dei, vatn or berget let han strøyma åt dei; han kløyver berget, og vatnet renn.#2 Mos 17,6; 4 Mos 20,11; 5 Mos 8,15; Sal 78,15-16; 105,41; 114,8; 1 Kor 10,4 22Dei ugudlege hev ingen fred, segjer Herren.#Jes 57,21; Jer 16,5

Currently Selected:

Jesaja 48: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in