YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 39

39
Merodak Baladan, Babel-kongen, sender nokre menner til Esekias, som syner dei alle sine skattar og eigneluter; Herren varslar difor gjenom Esaias at alt saman ein gong skal verta ført til Babel; Esekias trøyster seg med at det skal vera fred i hans tid, 1-8.
1Ved det leitet sende Merodak Baladan, son åt Baladan og konge i Babel, nokre menner med brev og gåvor til Esekias, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.#2 Kong 20,12-21; 2 Krøn 32,31 2Esekias var glad for dei kom, og han synte dei skatthuset sitt, sylvet og gullet og dei angande kryddone og den kostsame oljen og heile våpenhuset sitt og alt det som var i skattkammeri hans; det fanst ikkje ein ting i hans hus og i heile hans rike anna han let dei få sjå det. 3Då kom profeten Esaias til kong Esekias og spurde han: Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå til deg? Esekias svara: Dei kom frå eit land langt burte - frå Babel. 4Hin spurde: Kva fekk dei sjå i huset ditt? Esekias svara: Alt som er i huset mitt, fekk dei sjå; det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte dei. 5Då sa Esaias til Esekias: Høyr no ordet frå Herren, allhers Gud: 6Det kjem ei tid då alt det som finst i huset ditt, og alle skattane som federne dine hev samla alt til denne dag, skal førast burt til Babel; det vert ingen ting att, segjer Herren.#Jer 20,5 7Og sume av sønene dine som skal ættast frå deg, som du er far til, skal dei taka og gjera til hirdmenner i slottet åt kongen i Babel. 8Esekias svara: Det ordet du segjer meg frå Herren, er godt. Og han la til: Det skal då få vera fredleg og trygt so lenge eg lever.#1 Sam 3,18; 2 Kong 22,20

Currently Selected:

Jesaja 39: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in