Jesaja 38
38
Esekias vert strengt sjuk og bed til Herren; Herren lovar at han vil leggja femtan år attåt alderen hans, og stadfester lovnaden sin med eit under, 1-8. Esekias syng ein takkesong til Herren, der han skildrar si store naud og fæla i sjukdomen og prisar Herrens hjelp og velgjerningar, 9-20. Korleis han vert lækt, 21.22.
1Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren: Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.#2 Kong 20,1-11; 2 Krøn 32,24 2Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:#Sal 30,3-4 3Å, Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret. 4Då kom det eit ord til han frå Herren; det lydde so: 5Gakk og seg til Esekias: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine. Sjå, eg vil leggja femtan år attåt alderen din. 6Og eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans, og eg vil verna denne byen.#Jes 37,35 7Og no skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova:#Jes 37,30 8Sjå, eg let skuggen på solskiva, som hev gjenge ned med soli på solskiva åt Akas, ganga ti strek attende. Og soli gjekk attende ti av dei streki ho hadde gjenge ned. 9Ein song som Esekias, Juda-kongen, skreiv då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen: 10Eg sa: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportane; eg lyt bøta med resten av åri mine. 11Eg sa: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei levande; eg fær ikkje skoda menneske meir millom dei som bur i stilla.#Sal 27,13 12Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld; eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar, frå varpet skjer han meg av; frå dag til natt gjer du av med meg.#Job 6,9; 7,6#38,12 han Gud. 13Eg roa mi sjel alt til morgons; som ei løva knasar han alle mine bein; frå dag til natt gjer du av med meg.#Sal 131,2 14Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimme såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!#Jes 59,11; Esek 7,16; Nah 2,8; Job 17,3; Sal 119,122 15Kva skal eg segja? Han hev sagt meg det, og han hev gjort det; Stilt vil eg ferdast alle mine år etter all mi sjelekvida.#Jes 38,4-8#38,15 det V. 4fg. 16Herre, ved dei lever menneskja, og dei held uppe alt liv i mi ånd; so gjer meg då frisk, og lat meg leva!#5 Mos 8,3; Matt 4,4#38,16 dei dine ord. 17Sjå, til fred vart meg det beiske, ja det beiske, og kjærleg drog du mi sjel or tyningsgravi; for du kasta alle mine synder bak ryggen din.#Sal 30,4; 86,13; 116,3-9; Mi 7,19 18For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi, på truskapen din.#Sal 6,6; 88,11-13; 115,17 19Dei levande, dei levande, dei prisar deg, liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.#Sal 48,13-14; 78,4-8; 145,4; Joel 1,3 20Herren er reidug til å frelsa meg, og på mine strengeleikar vil me leika alle våre levedagar i Herrens hus.#Sal 63,5; 104,33; 146,2 21Esaias sa dei skulde henta ei fikekaka og leggja til plåster på verken, so han skulde friskna til att.#2 Kong 20,7 22Esekias sa: Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?#Jes 38,6-7#38,22 sa då han hadde høyrt det som er sagt i v. 6, men fyrr han hadde høyrt det som er sagt i v. 7.
Currently Selected:
Jesaja 38: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2