Jesaja 37
37
Esekias riv sund klædi sine, sender mennene sine til profeten Esaias og bed han ganga til Herren og gjera forbøn for folket, 1-4. Herren let Esaias få trøyst og varslar ulukka for Sankerib, 5-7. Sankerib sender eit brev til Esekias; i det spottar han Gud, 8-13. Esekias legg brevet fram for Herren og bed inderleg, 14-20. Esaias vitrar Esekias um at Herren vil straffa Sankerib og verna Jerusalem, 21-35. Ein engel slær i hel 185.000 mann i assyrarlægret; Sankerib vert drepen av sine eigne søner, 36-38.
1Som no kong Esekias høyrde det, reiv han sund klædi sine og sveipte seg i sekkety og gjekk inn i Herrens hus.#2 Kong 19,1-4 2So sende han Eljakim, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og dei eldste av prestane, sveipte i sekkety, til Esaias Amosson, profeten, 3og dei sa til han: So segjer Esekias: Dette er ein dag som er vigd naud og tukt og vanæra; fosteret er fullbore, men det finst ikkje makt til fødsli. 4Kann henda Herren din Gud høyrer det Rabsake hev sagt, han som assyrarkongen, herren hans, sende til å hæda den levande Gud, so han refser han for dei ordi som Herren din Gud hev høyrt. So send då upp ei bøn for den leivningen som endå er att!#Jer 37,3; 42,2 5Då kongsmennene kom til Esaias, 6sa han til dei: Ber desse ordi heim til herren dykkar: So segjer Herren: Du tarv ikkje reddast for dei ordi skuld som du fekk høyra, dei som sveinane åt assyrarkongen hædde meg med! 7Eg vil skjota det i hugen hans at han fer heim att til sitt eige land for skuld ei tidend han fær, og der, i hans eige land, vil eg lata han falla for sverdet.#Jes 37,9.38 8So drog Rabsake burt att. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren burt frå Lakis, og møtte han medan han heldt på og kringsette Libna.#Jes 36,2 9Då fekk Kongen høyra at Tirhaka, kongen i Etiopia, hadde drege ut i herferd mot han. So sende han nokre menner til Esekias og sa: 10So skal de segja til Esekias, Juda-kongen: Lat ikkje din Gud, som du set di lit til, få dåra deg, so du tenkjer: Jerusalem kjem aldri til å falla i hendene på assyrarkongen. 11Du hev nok høyrt gjete kva kongane i Assyria hev gjort med alle andre land, at dei hev lagt dei i øyde - og so skulde du verta berga? 12Hev dei folki som federne mine øydde, vorte berga av gudane sine - Gosan og Haran og Resef og Edens-borni i Telassar?#Jes 36,18-22; 5 Mos 32,37-39 13Kvar er no Hamat-kongen og Arpad-kongen og kongen i Sefarva'imbyen og kongane i Hena og Ivva? 14Då Esekias hadde teke imot brevet av sendemennene og lese det, gjekk han upp i Herrens hus og breidde det ut for Herrens åsyn. 15Og Esekias bad til Herren og sa: 16Herre, allhers Gud, Israels Gud, du som tronar yver kjerubane! Einast du er Gud for alle rike på jordi, du hev skapt himmelen og jordi.#Sal 80,2; 99,1; 5 Mos 4,35; 32,39; Jes 45,5-6; Dan 4,25 17Halla øyra ditt hit, Herre, og lyd! Lat upp augo dine, Herre, og sjå! Høyr dei ordi som Sankerib sende og hædde den levande Gud med.#Jer 18,19; Apg 4,29 18Ja visst er det so, Herre, at kongane i Assyria hev øydt alle folki og landi deira. 19Dei hev kasta gudane deira på elden; for dei er ikkje gudar, men verk av mannehender - tre og stein; difor kunde dei gjera dei til inkjes.#Sal 115,4-8; Jes 44,9-20 20Men berga oss no frå hans velde, Herre vår Gud, so alle rike på jordi kann sjå at einast du er Herren!#Jes 49,26; Esek 21,5 21Då sende Esaias Amosson bod til Esekias med dei ordi: So segjer Herren, Israels Gud: Med umsyn på det du bad meg um mot Sankerib, Assur-kongen, 22då er dette det ordet Herren hev tala um han: Ho vanvyrder deg, spottar deg, ungmøyi, Sions dotter; ho rister på hovudet etter deg, Jerusalems dotter. 23Kven var det du hædde og spotta? Kven lyfte du røysti imot? Høgt lyfte du augo dine, mot Israels Heilage. 24Ved dine sendemenn hædde du Herren og sa: Med mine tallause vogner for eg upp på dei høgste fjelli, til Libanons øvste tindar; der høgg eg dei høgste sedrar, dei gilde cypressar der stend; eg vinn meg fram til den øvste høgdi, den tettvaksne skogen der. 25Eg grov brunnar og drakk av dei; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar. 26Hev du 'kje høyrt at eg longe hev laga det so? Frå fordom hev eg fyreskipa dette. No hev eg late det ganga fram, so du fekk makt til å øyda faste byar og gjera dei til aude røysar. / 27Dei som budde der, vart veike og valne, dei fæltest og stod til skammar; dei vart liksom graset på marki og urtene grøne, liksom graset på taki og korn som er avsvide fyrr det hev skote.#Sal 92,8; 129,6 28Eg veit når du sit og gjeng ut eller inn, kor du slær deg vill imot meg. 29Av di du er vill imot meg, og ditt ovmod hev nådd mine øyro, so set eg min ring i nosi di, mitt beisl millom lippone dine og driv deg attende den vegen du kom.#Esek 35,12; Jes 30,28; Sal 32,9; Ordt 26,3; Esek 29,4; 38,4 30Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta korn som hev sått seg sjølv, eit anna år det som renn upp av roti; men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta det dei ber.#37,30 du Esekias. 31Og det som er berga og lever att av Juda-ætti, skal skjota djupare røter nedantil og bera frukt ovantil.#Jes 27,6 32For frå Jerusalem kjem ein flokk som er leivd, og frå Sionsfjellet ein hop som er berga; brennhugen åt Herren, allhers Gud, skal gjera dette. 33Difor segjer Herren so um Assur-kongen: Han skal ikkje koma inn i denne byen og ikkje skjota nokor pil inn i han; han skal ikkje storma fram mot han med skjold og ikkje kasta upp nokon voll imot han. 34Den vegen han kjem, lyt han fara attende; i denne byen slepp han ikkje inn, segjer Herren.#Jes 37,29 35Eg vil verna denne byen og fria han ut for mi skuld og for Davids skuld, han som var tenaren min.#Jes 38,6; 2 Kong 20,6 36Og Herrens engel for ut og slo hundrad og fem og åtti tusund mann i assyrarlægret; då folk reis upp morgonen etter, fekk dei sjå at dei låg daude der alle i hop.#Jes 17,12-14; 31,8 37Då tok han ut og for heim att, Sankerib, Assur-kongen, og sidan heldt han seg i ro i Ninive. 38Medan han so ein gong heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, gjekk det so til at Adrammelek og Sareser, sønene hans, hogg han ned med sverdet. Dei kom seg undan til Araratlandet, og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.#Jes 37,7
Currently Selected:
Jesaja 37: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2