YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 36

36
Assyrarkongen Sankerib tek alle dei faste byane i Juda og sender Rabsake med ein stor her mot Jerusalem; Rabsake freistar å eggja upp folket mot kong Esekias og spottar Herren; Esekias fær bod um det, 1-22.
1I det fjortande året av kongedømet åt Esekias drog Sankerib, kongen i Assyria, upp imot alle faste byar i Juda og hertok dei.#2 Kong 18,13-16; 2 Krøn 32,1-8 2Assyrarkongen sende Rabsake med ein stor her frå Lakis til Jerusalem mot kong Esekias; han stogga innmed vassleidingi frå Øvredammen, attmed ålmannvegen til Vaskarvollen.#Jes 7,3 3Då gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til han saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.#Jes 22,15-16.20 4Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med? 5Eg segjer: Berre tome ord [er det du segjer:] Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det då du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg? 6Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptarland, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi på alle som styd seg på han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit på han.#Esek 29,6-7 7Men svarar du meg: Det er Herren vår Gud me lit på - var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekias fekk burt, då han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda? 8Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.#Jer 9,23 9Korleis skulde du då kunde driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du på Egyptarland og vonar du skal få vogner og hestfolk derifrå. 10Trur du då det er mot Herrens vilje eg hev drege mot dette landet og vil leggja det øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde! 11Då sa Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine på syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss på jødisk, so folket som stend på muren, høyrer det. 12Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje til dei mennene som sit på muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve? 13So steig Rabsake fram og ropa med høg røyst på jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria! 14So segjer kongen: Lat ikkje Esekias få dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk.#Jes 36,18 15Lat ikkje Esekias få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen. 16Høyr ikkje på Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de få eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,#1 Kong 4,25 17til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar. 18Lat ikkje Esekias lokka dykk og segja: Herren vil berga oss! Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?#Jes 36,14; 10,9-11; 37,12 19Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarva'im? Hev Samaria-gudane berga Samaria ut or hendene mine?#2 Kong 18,34; Jes 37,13 20Kven er det av alle gudane åt desse landi som hev berga sitt land for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine? 21Dei tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve; De skal ikkje svara han. 22Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.

Currently Selected:

Jesaja 36: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in