YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 27

27
Etter denne straffedomen skal Herren visa folket sitt berre nåde, velsigna og verna det mot alle åtak frå fiendane, 2-5. Då skal det bløma og bera rike frukter, 6. Herren hev ikkje tukta folket so hardt som fiendane, men med måte, av di han vilde føra det til umvending; når det vender um og provar si umvending med å leggja av all avgudsdyrking, vil han taka det til nåde att; straffi kom av di det er uvitugt, 7-11. I denne nådetidi skal Herren sanka folket sitt, som er spreidt vida ikring, og det skal då tilbeda han på det heilage fjellet i Jerusalem, 12.13.
1I den tidi skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Leviatan, den flogsnare draken, og Leviatan, den krøkjande draken, og han skal drepa ubeistet som ligg i havet.#Jes 24,21; Esek 29,3; 32,2; Op 12,9; 19,20; Job 26,13; Jes 19,5#27,1 draken Job 26,13.#27,1 havet 19,5. 2I den tidi [skal de kveda]: Det finst ein yndeleg vingard; syng um han!#Jes 5,1-7 3Eg, Herren, er vaktaren hans, kvar augneblink vatnar eg han; eg vaktar han dag og natt, so ingen skal heimsøkja han. 4Vreide hev eg ikkje mot han. Hadde eg tornar og tistlar mot meg i strid, då skulde eg rjuka på dei og brenna dei upp alle i hop -#Jes 10,17 5utan so dei vilde søkja vern hjå meg, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg. 6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar, og dei skal fylla jordheimen med frukt.#Jes 37,31 7Hev vel Herren slege Israel so hardt som han slo den som slo han? Eller vart han drepen liksom fiendane hans vart drepne? 8Med måte refste du folket då du jaga det frå deg. Herren dreiv det burt med sitt harde ver den dagen austanvinden bles.#Jer 10,24; 46,28 9Difor vert og misgjerdi åt Jakobs utsona, og det at syndi hans vert burtteki, gjev fullmogi frukt, når alle altarsteinane vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bileti og solstolpane ikkje reiser seg meir.#Jes 2,20; 17,7-8; 30,22; 31,7; 3 Mos 26,30 10For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvistene; 11når greinene hev vorte turre, bryt dei av, kvinnfolki kjem og nører upp eld med dei. For dette er ikkje noko vitugt folk; difor miskunnar deira skapar dei ikkje, og han som laga dei, er dei ikkje nådig. 12Og det skal henda i den tidi at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.#27,12 Storelvi d. e. Eufrat. 13Og det skal henda i den tidi at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptarlandet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.#Jes 11,11-16

Currently Selected:

Jesaja 27: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in