YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 26

26
Då skal Guds folk prisa det sterke riket som Herren hev skipa åt det, det som hans frelsa er vern for, og som hev dei rettferdige og trufaste til borgarar, 1.2. Guds folk sannar då at berre fast tiltru til Herren gjev varande fred, og at det difor alltid bør setja si lit til han, som er fullkomeleg pålitande, han som hev slege ned den stolte makti åt dei ovmodige, lagt dei under føtene åt dei audmjuke og rudt veg for dei rettferdige, 3-7. Den gongen og venta folket med lengsel på hans domar, av di det berre var dei som kunde læra dei ugudlege rettferd, 8-10. Det såg at Herren gjorde fiandane sine til inkjes, og ventar difor at han no og vil gjeva det fred, 11.12. Fiendane som hev rådt yver det, er burte og skal aldri meir koma attende til dette livet, men sjølv skal folket verta ovleg mangment, 13-15. I den tidi det vart tukta, søkte det Herren og bad um frelsa og nytt liv, men lenge fåfengt; no hev det den visse voni at Herren jamvel skal vekkja upp dei avlidne til nytt liv, 16-19. Profeten manar Guds folk til å halda seg stilt og venta på Herren, til vreiden hans gjeng yver, og han reiser seg og vil straffa alle fiendane, 20.21, serleg dei heimsriki som hev trælka det (kap 27,1).
1I den tidi skal dei syngja denne songen i Judalandet: Ein sterk by hev me, frelsa set han til mur og vern.#Sal 46,6; 87,1; Matt 16,18; Jes 60,18 2Lat upp portane, so eit rettferdigt folk må få ganga inn, eit folk som held fast på sin truskap.#Sal 118,19-20 3Den som er hugfast, han let du alltid hava fred; for på deg lit han. 4So lit då på Herren allstødt! For i Herren, Israels Gud, hev me eit æveleg berg.#Sal 118,8-9; 5 Mos 32,4; Hab 1,12 5For han hev bøygt ned dei som budde i høgdi, byen som ris so høgt; han støytte han ned, ja støytte han til jordi, slo han ned i moldi.#Jes 25,12 6Føter trakka honom ned, føter av vesalmenner, fet av armingar.#Jes 28,3 7Stigen åt den rettferdige er jamn; du jamnar veg åt den rettferdige. 8Ja, på dine domars veg venta me deg Herre; etter ditt namn og ditt minne stunda vår sjel.#Sal 37,4 9Mi sjel lengta etter deg um natti, og åndi i meg leita etter deg. For straks domane dine råmar jordi, lærer jordbuane rettferd. 10Fær den ugudlege nåde, so lærer han ikkje rettferd; då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje. 11Herre, høgt var handi di lyft, men dei såg det ikkje; dei fekk sjå brennhugen din for folket og vart skjemde; ja, eld øydde uvenene dine. 12Herre, du skal hjelpa oss til fred; for alt det me hev gjort, det gjorde du for oss.#Joh 15,5 13Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss; einast ved deg prisar me namnet ditt. 14Daude livnar ikkje, daudingar stend ikkje upp; difor heimsøkjer og øydelegg du dei og gjer til inkjes kvart minne um dei.#5 Mos 32,26; Job 18,17; Sal 9,7; 88,11-13; Ordt 10,7#26,14 upp d. e. til dette livet. 15Du aukar folket, Herre! Du aukar folket og syner deg herleg; du flyt alle grensone åt landet langt ut. 16Herre, i naudi søkte dei deg; og sende upp stille bøner då refsingi frå deg kom yver dei.#Sal 18,7; 77,3; Hos 5,15 17Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i ridene når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre!#Jes 13,8 18Me var med barn, me vreid oss; men då me fødde var det berre vind; frelsa gav me ikkje landet, og det vart ikkje født folk til å bu på jordi.#Jes 33,11 19Dine daude skal verta levande, mine lik skal standa upp; vakna og fegnast, de som bur i moldi! For dogg yver grøne urter er di dogg; og jordi gjev daudingane attende til livet.#Esek 37,3.5 20Gakk då, mitt folk, inn i kovane dine og lat att dørene etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver!#Sal 57,2 21For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuane, for deira misgjerd skuld, og jordi skal syna fram det blod som er utrent på henne, og ikkje meir dylja sine drepne.#Mi 1,3; 1 Mos 4,10-16; Job 16,18

Currently Selected:

Jesaja 26: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in