YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 23

23
Profeten forkynner at den rike og mektige handelsbyen Tyrus skal leggjast i øyde, og dei som bur der, fara i utlægd; då skal Fønikia og alle koloniane og handelsvenene åt byen verta forfærde. Denne domen kjem frå Herren, som i og med det herlege Tyrus vil døma alt som er herleg på jordi, 1-14. Når lang tid er lidi, skal Herren lata Tyrus få rikdomen sin att, men då skal det bruka han i tenesta for Herren, 15-18.
1Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, so det ikkje finst hus der lenger, og de ikkje kann koma heim att meir; frå Kittims land fær dei fretnad um det.#Jer 47,4; Esek 26,2-14; 27,2-11; 28,2-10; Sak 9,2-7; 4 Mos 24,24 2Tagna, de som bur på havstrandi som sjøfarande kjøpmenner frå Sidon fyllte! 3Av Sihor-sædet, av Nil-grøda, som dei førde yver det store havet, gjorde det seg vinning, og det var ein marknad for folki.#23,3 Sihor-sædet Sihor, d. e. Nilen.#23,3 det Tyrus. 4Men statt no der med skam, du Sidon! For so segjer havet, havborgi: Eg hev ikkje vore barnsjuk, og hev ikkje født born, og ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar. 5Når dei fær høyra um dette i Egyptarland, so skal dei skjelva ved fretnaden um Tyrus. 6Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi! 7Er dette dykkar glade by, som vart til i eldgamle dagar, og som av føtene sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?#Sef 2,15 8Kven hev sett seg dette fyre mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennene var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennene på jordi?#Op 18,23 9Herren, allhers Gud, er den som hev sett seg det fyre, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdom og vanæra alle stormenner på jordi. 10Flød yver landet ditt liksom elvi, du Tarsis-dotter! Det finst inkje band meir.#23,10 elvi d. e. Nilen. 11Han hev rett ut handi si yver havet, han hev fenge kongerike til å skjelva; Herren hev bode at borgene i Kana'anslandet skulde øydeleggjast.#Job 12,23-24 12Han sa: Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, Sidons dotter! Tak ut og far yver til Kittim! Ikkje der heller skal du finna kvild. 13Sjå landet åt kaldearane, dette folket som fyrr ikkje var til - Assur hev gjort landet deira til bustad for villdyri - dei reiser no upp kringsetjingstårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer han til ein grushaug.#23,13 byen Tyrus. 14Jamra dykk, de Tarsis-skip! For borgi dykkar er lagd i øyde.#Jes 23,1 15I den tidi skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:#Jer 30,14 16Tak din citar og gakk ikring i byen, du gløymde skjøkja! Rør strengene fagert, syng visa på visa, so dei kann koma deg i hug! 17Når dei sytti åri er lidne, skal Herren lydast til Tyrus, og ho skal atter få taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord. 18Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal vera helga til Herren, det skal ikkje leggjast upp eller gøymast; for dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten og bruka han til å eta seg mette og klæda seg i prydelege klæde for.#Sal 45,13; 87,4; Apg 21,3-4

Currently Selected:

Jesaja 23: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in