Jesaja 22
22
Profeten ser i åndi Jerusalem kringsett og øydt og syrgjer sårt av di folket er tynt, 1-7. Folket gjeng under av di det i si naud ikkje hev vendt seg til Herren, som hev sendt henne, men til jordiske forsvarsgreidor, ikkje syrgjer yver syndi si, men i ørvæna held glade gjestebod, 8-14. Sebna, ein mann i høg vyrdnad, skal verta støytt ned frå si høgd av di han er ovmodig, og i staden for han skal Eljakim koma, som skal verta til æra og studnad for heile si ætt; men han og skal i si tid missa sin høge rang av di han hev nytta han til fyremun for sine eigne, 15-25.
1Framsegn um Synedalen. Kva er på ferd, sidan alt folket ditt hev stige upp på taki?#22,1 Synedalen d. e. Jerusalem, der profetane hadde syner frå Herren. 2Du bråkande, du ståkande by, du jublande by! Dine falne menner er ikkje slegne med sverd, ikkje drepne i strid.#Jes 22,5 3Hovdingane dine hev alle saman rømt sin veg, utan bogeskot hev dei vorte fanga. Dei som fanst i deg, hev vorte fanga alle saman, endå dei hadde rømt langt burt. 4Difor segjer eg: Sjå burt ifrå meg! Eg lyt gråta sårt. Truga ikkje trøyst på meg for at folket mitt hev vorte tynt!#1 Mos 37,35; Jer 14,17; Klag 1,16 5For ein dag med støkk og nedtrakking og forfjetring kjem frå Herren, allhers Gud i Synedalen; murar vert nedbrotne, og naudrop stig mot fjellet.#Jes 22,1#22,5 Synedalen V. 1. 6Elam ber pilehus, dreg fram med stridsmenn på vogner og hestfolk, og Kir hev nækt skjoldane.#Jes 21,2; 2 Kong 16,9 7Dei fagraste dalane dine vert fyllt med stridsvogner, og hestfolk tek støde framfor portane. 8So tek Herren sveipet burt frå Juda. Då ser du deg um etter herbunaden i skoghuset,#1 Kong 7,2-12#22,8 skoghuset 1 Kong. 7,2fg. 9og de ser at Davidsbyen hev mange rivnor, og de samlar upp vatnet i Nedredammen;#2 Krøn 32,3-8.30 10de tel husi i Jerusalem og de riv ned husi og vil gjera muren traust;#Jer 33,4 11og imillom båe murane gjer de ein kulp for vatnet frå Gamledammen; men de skodar ikkje upp til han som gjorde dette, og han som longe sidan tenkte det ut, ser de ikkje.#2 Kong 19,25; Jes 37,26#22,11 dette det som kjem yver Jerusalem. 12Herren, Israels Gud, allhers Gud kallar dykk den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa dykk i syrgjeklæde.#Mi 1,16 13Men her er gleda og gaman, ukseslakting og saueslakting, kjøteting og vindrikking; [dei segjer:] Lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!#Jes 56,12; 1 Kor 15,32 14Men i øyro mine ljomar openberringi frå Herren, allhers Gud: Den syndi fer de ikkje sona so lenge de lever, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud. 15So segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud: Gakk til denne drottseten Sebna, han som stend fyre huset, og seg:#2 Kong 18,18 16Kva hev du her å gjera, og kven hev du her, sidan du her hev hogge deg ut ei grav, du som høgg deg ut ei grav på so høg ein stad, holar deg ut ein bustad i berget? 17Sjå, Herren skal slengja deg langt av leid, du mann! Han skal rulla deg i hop til ein klump, 18han skal vinda deg saman til eit nysta og kasta deg som ein ball ut på vidvangen; dit skal du, og der skal du døy, og dit skal dei gilde vognene dine koma, du skamflekk for huset åt herren din! 19Eg vil støyta deg ned frå romet ditt, og frå posten din skal du verta avjaga. 20Og på den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiasson, tenaren min,#Jes 36,3; 2 Kong 18,18 21og eg vil klæda han i din bunad og binda beltet ditt um han og gjeva di makt i hans hender, og han skal vera ein far for dei som bur i Jerusalem og for Juda-huset.#4 Mos 20,28 22Og eg vil leggja lykelen til Davids hus på herdi hans, og når han let upp, skal ingen læsa att, og når han læser att, skal ingen lata upp.#Job 12,14; Op 3,7; 1,18; Matt 16,19 23Eg vil setja han som ein nabb i ein fast vegg, og han skal verta eit æresæte for farshuset sitt.#Esra 9,8 24Og dei skal hengja på han heile tyngdi av farshuset hans, renningar og villrenningar, alle småkjeraldi, både fati og alle krukkone.#22,24 krukkone d. e. heile ætti hans. 25På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal nabben i den faste veggen losna; han skal ganga av og detta ned, og byrdi som hekk på han, skal krasast; for Herren hev tala.
Currently Selected:
Jesaja 22: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2