Jesaja 21
21
Til trøyst for folket sitt forkynner profeten at Babel, som hev trælka det, skal verta øydelagt på ei natt av persarane og medarane, 1-10. Edomitane spør um det ikkje snart er ende på ulukke-natti; han svarar at natt på natt skal koma yver dei, 11.12. So forkynner han at Herren um stutt tid vil heimsøkja ættene i Arabia med fiendeherar (assyrarane) og gjera ende på all deira herlegdom, 13-17.
1Framsegn um Havøydemarki. Som framfarande stormar i sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.#Jes 21,9; 14,23#21,1 Havøydemarki Babel, som skal verta ei stor aud myr; v. 9; 14,23. 2Ei hard syn er meg kunngjord: Ransmannen ranar, og herjaren herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! Kvar ein sukk gjer eg ende på.#Jes 22,6#21,2 Elam Persia; 22,6. 3Difor er mine lender fulle av verk, eg hev fenge rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg vrid meg so eg ikkje kann høyra, eg er forfærd so eg ikkje kann sjå.#Jes 13,8; Jer 22,23; Mi 4,10 4Hugen min er forvildra, redsla hev teke meg. Kvelden, som eg stunda etter, hev han gjort til redsla for meg.#21,4 han fienden. 5Dei dukar bord, vakti vaker, dei et og drikk - upp, hovdingar, smyr skjoldane!#2 Sam 1,21 6For so sa Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen! Det han fer sjå, skal han melda.#2 Sam 18,24 7Og ser han ei skreid av ridarar, par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det. 8Då ropa han som ei løva: Herre, her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt;#Hab 2,1 9men sjå, no kjem her ei skreid av ridande menner, ridarar par um par! - Og han tok til ords og sa: Falle, falle hev Babel, og alle avgudsbileti deira hev han krasa og kasta til jordi.#Jer 51,8; Op 14,8; 18,2.10#21,9 han fienden. 10Å, du mitt knuste, mitt sundtreskte folk! Det eg hev høyrt av Herren, allhers Gud, Israels Gud, det hev eg kunngjort for dykk. 11Framsegn um Duma. Til meg ropar dei frå Se'ir: Vaktmann, kva lid det med natti?#Jer 49,7-22#21,11 Duma d. e. daudstilla; so vert Edom kalla her av di det skal verta lagt reint i øyde. 12Vaktmannen svarar: Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja, so spør - kom att!#21,12 spyrja sidan. 13Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar!#Jer 49,28-33; Esek 27,15.20 14Ut til dei tyrstande kjem dei med vatn; dei som bur i Temalandet, kjem imot dei rømande med brød; 15for dei flyr undan sverdet, undan det dregne sverdet og den spente bogen og undan den tunge ufreden. 16For so hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.#Jes 16,14; 1 Mos 25,13; Sal 120,5 17Og lite skal det då vera att av bogane åt kjempone i Kedar; for Herren, Israels Gud, hev tala.
Currently Selected:
Jesaja 21: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2