YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 20

20
Herren segjer til profeten at han med biletleg åtferd skal varsla at kongen i Assyria skal vinna yver Egyptarland og Etiopia og draga av med fangar frå desse landi, 1-4, til redsla for Israel, som hev bygt si von um frelsa frå assyrarane på dei tvo mektige folki, 5.6.
1Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, assyrarkongen, sende han dit, og han stridde mot Asdod og hertok byen -#2 Kong 18,17 2i den tidi tala Herren gjenom Esaias, son åt Amos, soleis: Upp, løys hårkyrtelen av lendene dine og drag skorne av føtene dine! Og han gjorde so og gjekk naken og berrføtt.#2 Kong 1,8; Sak 13,4; Matt 3,4; 1 Sam 19,24#20,2 hårkyrtelen 2 Kong. 1,8. Sak. 13,4. Matt. 3,4.#20,2 naken 1 Sam. 19,24. 3Då sa Herren: Liksom Esaias, tenaren min, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Etiopia,#Esek 12,6.11; 24,24.27 4soleis skal kongen i Assyria lata fangane frå Egyptarland og dei burtførde frå Etiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland. 5Då skal dei verta forfærde og skjemmast yver Etiopia, som dei sette si von til, og yver Egyptarland, som dei var byrge av.#Jes 30,2-7; 36,6 6Og dei som bur på denne strandi, skal segja i den tidi: Soleis gjekk det med dei me sette vår von til, med dei me flydde til etter hjelp so me kunde verta berga frå assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?#20,6 strandi d. e. Israelslandet.

Currently Selected:

Jesaja 20: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in