YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 49

49
Jakob kallar til seg det tolv sønene sine og varslar korleis det skal ganga dei og ætti deira i framtida, og serleg at Messias skal koma or Judaætti, 1-28. Han bed dei jorda han hjå federene hans og døyr, 147 år gamal, 29-33.
1Og Jakob kalla til seg sønene sine og sa: Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tidene:#5 Mos 33,1-8 2Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, høyr på Israel, far dykkar! 3Ruben, min eldste er du, blomen av mi makt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.#1 Mos 29,32 4Du sjodar yver som vatnet, du skal ingen fyremun få; for du steig upp i kvila åt far din, då vanhelga du henne - i mi seng steig han upp!#1 Mos 35,22; 1 Krøn 5,1 5Simeon og Levi er brør, valdsvåpen er verja deira. 6Kom ikkje i løynrådet deira, mi sjel, ver ikkje med i samkomone deira, mi æra! For i sin harm slo dei menner i hel, og sjølvvilje skamskar dei uksar.#1 Mos 34,25-31#49,6 æra sjel. 7Forbanna vere ein ofse so strid, ei ilska so arg som deira! Eg skal sprengja dei sund kring i Jakob og spreida dei utyver Israel.#Jos 19,1; 21,2-8 8Juda - deg skal brørne dine lova; handi di skal vera på nakken åt fiendane dine, for deg skal sønene åt far din bøygja seg.#1 Krøn 5,2 9Ei ungløva er Juda; frå rov er du stige upp, son min! Han legg seg ned, han kviler som ei løva, ei løvemor; kven vågar å vekkja han?#5 Mos 33,7 10Ikkje skal kongespir kverva frå Juda eller styrarstaven frå føtene hans, til dess fredsdrotten kjem, han som folki lyt lyda.#Jes 9,6-7; Ef 2,14 11Til vinteren bind han sitt ungasen, i soldruvegreini folen åt asna si; han vaskar sin klædnad i vin, og kjolen i druveblod. 12Døkke er augo hans av vin, og tennene kvite av mjølk. 13Sebulon - utmed sjøstrandi skal han bu, utmed strandi der skutone lendar, og Sidon hev han med sida.#Jos 19,10-11; 5 Mos 33,18-19 14Issakar er eit sterkbygt asen, som ligg på kvii og kviler.#5 Mos 33,18 15Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert; so bøygde han ryggen under byrdi og vart ein ufri træl. 16Dan skal døma sit folk, han som dei andre Israels-ættene.#Dom 16,31 17Dan skal vera ein orm på vegen, ein hoggorm innmed stigen, som høgg hesten i hælane, so ridaren ryk på ryggen. 18På di frelsa biar eg, Herre!#Sal 119,166 19På Gad skal ransmenner renna, men han renner etter dei. 20Feit er føda hans Aser, forkunnmat for kongar hev han å gjeva.#5 Mos 33,24 21Naftali er ei spelande hind; fagre er ordi han talar.#Dom 4,6; 5,1 22Eit ungt aldetre innmed kjelda; greinene skyt ut yver muren. 23Og dei eggja han og skyt på han, dei sette etter han, pilskyttarane. 24Men han stend stødt med bogen sin, og hendene og armane er kvike; hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, hjå han som er hyrdingen, Israels berg, 25hjå Gud åt far din, han hjelpe deg! hjå den Allmektige, han velsigne deg med velsigningar or himmelen der uppe, med velsigning or djupet der nede, med velsigning i brjost og morsliv! 26Velsigningane åt far din stig høgst yver velsigningane åt forfederne mine, dei rekk upp til grensa åt dei ævelege høgdene; dei skal koma på Josefs hovud, på kruna åt han som er hovding millom brørne sine. 27Benjamin er ein ulv som riv sund; um morgonen et han upp ran, og um kvelden skifter han ut herfang.#Dom 20,25; 1 Sam 9,1-2; 14,47 28Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet, og soleis var det far deira tala til dei; han velsigna dei, og kvar av dei fekk si eiga velsigning, som høvde åt han. 29Og han bad dei og sa til dei: No gjeng eg til folket mitt! Jorda meg då hjå federne mine, i den helleren som er på gjordet åt Efron, hetiten, 30i den helleren som er på Makpelagjordet, austanfor Mamre i Kana'anslandet, det gjordet som Abraham kjøpte av Efron, hetiten, til eigande gravstad.#1 Mos 23,16.19-20; 50,13 31Der jorda dei Abraham og Sara, kona hans; og der jorda dei Isak og Rebekka, kona hans, og der jorda eg Lea,#1 Mos 25,9; 23,19; 35,29 32på de gjordet og i den hellaren der som var kjøpte av Hets-sønene. 33Då Jakob var ferdig med dei fyresegnene han hadde å gjeva sønene sine, drog han føtene upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.

Currently Selected:

1. Mosebok 49: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in