YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 45

45
Josef segjer kven han er, talar blidt til dei og syner dei Guds forsyn i det som hev hendt, 1-8. Han sender bod med dei til far deira og bed han koma ned til Egyptarland med heile sitt hus og alt godset sitt og sender gåvor og vogner med dei, 9-24. Dei fer heim og ber dette gilde bodet fram til Jakob, 25-28.
1Då kunde ikkje Josef dylja tårone lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: Lat alle ganga ut ifrå meg! Og det var ingen inne då Josef opendaga seg for brørne sine. 2Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao. 3Og Josef sa til brørne sine: Eg er Josef. Lever far min endå? Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa. 4Då sa Josef til brørne sine: Kjære dykk, kom hit til meg! So gjekk dei burt til han. Då sa han: Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland. 5Men no skal de ikkje syta eller harmast for di de selde meg hit! Til livberging for dykk hev Gud sendt meg hit fyre dykk.#1 Mos 50,20 6For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta. 7Men Gud sende meg fyre dykk av di han vilde leiva ætt etter dykk på jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa. 8So er det då ikkje de som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev sett meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarland. 9Skunda dykk og far heim til far min og seg til han: So segjer Josef, son din: Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom ned til meg! Dryg ikkje! 10Du skal få bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev. 11Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so du ikkje skal verta utarma, korkje du eller huslyden din eller nokon av dine. 12No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar med dykk. 13Ber då bod til far min um all mi æra og makt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min! 14So la han armane um halsen på Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret og innmed barmen hans. 15Og han kysste alle brørne sine og gret medan han heldt dei i fanget. Og sidan rødde brørne hans med han. 16Og det spurdest i huset åt Farao at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennene hans vart fegne. 17Og Farao sa til Josef: Seg til brørne dine: So skal de gjera: De skal kløvja på dyri dykkar og fara til de kjem heim til Kana'anslandet. 18Då skal de taka far dykkar og huslydane dykkar og koma hit til meg, so skal eg eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal få eta av landsens feita. 19Seg du dei frå meg: So skal de gjera: De skal taka med dykk vogner frå Egyptarland til borni og konone dykkar og henta far dykkar og koma. 20Og de skal ikkje kvida dykk um de må fara ifrå eignelutene dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få. 21Og Israels-sønene gjorde so. Og Josef gav dei vogner, som Farao hadde sagt, og gav dei niste med på vegen. 22Og han gav dei alle kvar sin høgtidsbunad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvsekel og fem høgtidsbunader. 23Og sameleis sende han far sin ti asen som bar alt det beste som fants i Egyptarland, og ti asenfyljor som bar og brød og mat til far hans på ferdi. 24So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sa til dei: De må ikkje verta usamde på vegen! 25So tok dei ut frå Egyptarland og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana'ansland. 26Og dei bar fram bodet til han og sa: Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarlandet. Men han var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje. 27So sa dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. Då kvikna Jakob, far deira, i hugen. 28Og Israel sa: Å, du store syn! Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå han fyrr eg døyr.#1 Mos 46,30

Currently Selected:

1. Mosebok 45: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in